Faktaboks

Harald Johansen
Harald Rolf Johansen “Harald Bas”
Fødd
7. september 1904, Hadsel, Nordland
Død
8. desember 1983, Ålesund, Møre og Romsdal
Verke
Notbas
Familie
Foreldre: Husmann Johan Johnsen (1870–1957) og Nanna Arentsen (1873–1957). Gift 1931 med Olga Pauline Andestad (10.7.1903–3.1.1994), dotter til Andreas Andestad (1869–1971) og Anna Kaluseth (1865–1952).

Harald Johansen var fiskar heile yrkeslivet og vann ry som ein av dei fremste notbasane på 1900-talet. Under dei store sildefiskeria i 1950-åra sette han i nokre hektiske vinterveker 1954 “verdsrekord i sildefisking”.

Harald Bas vaks opp med båt og fiske. Det var trange tider, og han måtte tidleg klare seg sjølv. Alt 1919 drog han til Karmøy-distriktet på sildefiske, så følgde håkjerringfiske ved Svalbard, kveitefiske ved Grønland og torskefiske i Barentshavet. Som ung mann flytta han til Ålesund og budde der resten av livet. Ein del av tida var han med ålesundsreiarlaget Oscar Larsen. Namnet hans er knytt til mange fartøy. Han var medeigar i Ullasund og Gunnar Langva, og 1956 kjøpte han båten Harjan, som han kalla opp etter sønene Harald og Jan.

Dei store vintersildfiskeria på Vestlandet utetter 1940- og 1950-åra vekte internasjonal oppsikt. Den norske regjeringa arrangerte tur for dei utanlandske diplomatane til sildefeltet, og reisebyrå skipa til turar for turistar. Aviser og radio følgde nøye med. Dei dyktigaste notbasane vart den tids kjendisar, og Harald Bas var den aller fremste. Vinteren 1954 førde fiskebåten Gunnar Langva i land 58 400 hektoliter sild på eigen kjøl. I tillegg kom store mengder som hjelpebåtar henta opp frå nota til storfiskaren. Dette var enorme mengder med dei typar fartøy og reiskapar dei nytta den gongen. Harald Bas vart utropa til “verdsmeister i sildefisking”.

Mange tilla denne tidas notbasar nærast magiske krefter. Dei store basane hadde teften – denne uforklarlege evna til å vere på rett stad til rett tid. Slik var det også med Harald Bas. Han la vekt på teikn i naturen, temperatur i sjøen og ulike sildesyner, så som sildemåsen sin oppførsel. Han samla all den informasjonen han kunne få, og telefonrekningane kunne bli store. Særleg når han skulle nordover på feitsilda og småsilda, ringde han rundt og forhøyrde seg.

Han tok raske avgjerder, det gjaldt å komme andre i forkjøpet. Han var knallhard under kastinga, og stilte maksimale krav både til seg sjølv og mannskapet. Men om tonen var hard når det stod på som verst, så hadde Harald Bas stor omsut for folka sine og blei sett på som hundre prosent real. Når tøffingen kom på land, var han ein heilt annan person, mild og omgjengeleg, og han lika dårleg all publisiteten han fekk i media og blant folk flest.

Sjølv om han hadde teft og god kunnskap om sildesyner, var Harald Bas særs oppteken av siste nytt i tekniske hjelpemiddel, både når det gjaldt reiskapar og moderne fiskeleitingsutstyr som ekkolodd og asdic. Han hadde nær kontakt med havforskarane og arbeidde fleire sesongar som notbas på forskingsskipet G. O. Sars. Harald Bas og den kjende sildeforskaren Finn Devold arbeidde svært godt i lag.

Med si sunne innsikt og sitt praktiske skjøn gjorde Harald Johansen også ein innsats i fiskarane sine organisasjonar. Han var i fleire år medlem av representantskapa i Noregs Sildesalslag og Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag.

Kilder og litteratur

  • Portrett i Sunnmørsposten, 1958
  • omtale i anledning 75-årsdagen i Sunnmørsposten 7.9.1979
  • L. Oterhals: Utror: Om havets helter og kystens pionerer, Molde 1995
  • B. Myrstad: Vestlandsfiske,1996
  • samtalar med Jan Johansen 1996 og 2001
  • diverse andre avisartiklar