Faktaboks

Hans Paus
Hans Povelsen Paus
Fødd
1656, Hjartdal, Telemark
Død
Kviteseid, Telemark
Levetidskommentar
(døypt .7.31; og 1715.7.8
Verke
Prest og bygdemålsdiktar
Familie
Foreldre: Sokneprest Povel Pedersen Paus og Inger (el. Ingerid) Corneliusdotter Trinepol. Gift 12.9.1689 i Gjerpen med Susanne Amundsdotter Morland (ca. 1670–1747), dotter til prost Amund Hansen Morland (død 1700).

Hans Paus var fyrst kapellan og seinare sokneprest i Kviteseid, men er i dag mest kjend for å ha skrive ei vise på kviteseidmål, som levde lenge på folkemunne i Telemark.

Paus-ætta har gjort mykje av seg i Telemark, som bønder, prestar, skrivarar, lensmenn og handelsfolk. Stamfaren Peder Povelsen, farfar til Hans Paus, kom 1611 frå Oslo til Københavns universitet. Han var fyrst prest i Vinje og frå 1633 i Kviteseid. Sonen Povel var prest i Hjartdal. Hans hadde fyrst far sin som lærar, men gjekk seinare på latinskulen i Christiania. Derifrå vart han dimittert til universitetet i København 1674. Etter at han hadde studert teologi og teke eksamen, kom han 1683 til Kviteseid som kapellan hjå soknepresten Amund Morland, som hadde følgt etter godfar hans der. Paus fekk lovnad om å få embetet når soknepresten fall ifrå, og han gifte seg 1689 med dotter hans. Då vêrfaren døydde 1700, følgde Paus etter han som sokneprest.

Som kapellan hadde Paus også andre jarn i elden. Han kjøpte fleire gardar i Kviteseid, og saman med Morland dreiv han så hardt med skogsdrift at dei vart stemnde for retten, men det fall visst ingen dom i saka. Hans Paus kom opp i rettssaker for gardhandelen sin òg, men kom vèl ifrå dei. Han sat i sokneprestembetet til han døydde 1715.

Grunnen til å minnast Hans Paus i dag er helst at han skreiv eit dikt på kviteseidmål, Fru Anne Arnold paa Borgestad. Diktet eller visa er eit godt døme på ein sjanger som levde i dansketida: lyriske tilskot på norske målføre, gjerne skrivne av embetsmenn. Då M. B. Landstad lét visa om frua til Borgestad prente i Norske folkeviser 1853, skreiv han at ho var “bleven til en Folkesang i Thelemarken”. Han la til at visa etter ei segn skulle vera laga av Hans Paus. Men visa oppfyller ikkje kjennemerket på ei rett folkevise dersom ein veit kven forfattaren var, og folkeminnegranskaren Rikard Berge har prova at det var Hans Paus som laga visa; han skal ha fått Bukkøy i Kviteseidvatnet som takk. Landstad hadde visa or ei handskrift frå 1783, der ein elles ukjend Zacharias Knudsson hadde ført henne inn.

Visa er på 12 fireliners strofer med omkvedet “Gud lat Hennar liva Evindeleg Væl” som ei femte line. Paus laga henne for å heidre Anne Clausdotter Arnoldt (1659–1713), som var frue på storgarden Borgestad mellom Porsgrunn og Skien. Ho var dotter til lagmann og trelasthandlar i Skien Claus Andersen (ca. 1624–1681), og som enkje vart ho 1692 gift med generalmajor Johan von Arnoldt (1638–1709; sjå NBL1, bd. 1). Han kjøpte Borgestad 1702, men dei budde der truleg alt frå 1698. Etter at Arnoldt døydde, styrte fru Anne garden. Ho lét byggje båtar, hadde sagbruk og handla med skog, trevyrke og anna. Dei som dreiv tilsvarande næringsverksemd i Telemark, hadde mykje å gjera med henne, og visa fortel at dei sette henne høgt for blidskap, hjelpsemd og dugleik. Endå ho gjekk kledd i silke og skinn av mår, heldt ho seg ikkje for god til å møte og hjelpe bønder. Når dei kom trøtte og slitne til byen, helste ho dei velkomne med heimebryggja øl, om det så var midt på natta. Ho skaffa korn med godt mål og hjelpte dei mot den sleipe tømmerfuten, som ikkje ville godkjenne tømmeret deira.

Ein son av Hans Paus, Peder Hansen Paus, var skrivar i Vest-Telemark 1717–51. Han laga ei god ordsamling over telemål.

Verker

  • Fru Anne Arnold paa Borgestad, u.å., nedteikna i eit handskrift frå 1783, fyrst prenta i M. B. Landstad: Norske Folkeviser, 1853, omsett til landsmål i Tvedten 1891 (sjå nedanfor, avsnittet Kjelder), og seinare i Liestøl 1927, Hanssen 1939 og Venås 1990

Kilder og litteratur

  • L. Daae: “Utrykte Optegnelser om Thelemarken”, i HT, rk. 2, bd. 3, 1882, s. 145–205
  • H. N. Tvedten: Sagn fra Telemarken, 1891
  • J. L. Quisling: Øvre Telemarkens historie i det 17de aarhundrede, Skien 1906, s. 18–33
  • R. Berge: Stout Anne paa Borresta, Bygdedikting fraa Telemarki 9, Skien 1918 (fyrst prenta i Historielaget for Telemark og Grenland. Aarsskrift, 1918)
  • K. Liestøl: “Nokre bygdevisor frå Telemark”, i SogS 1927, s. 193–198
  • O. Hanssen: Gamle Bygdemålsprent fyre år 100, serprent av Noreg 1939, s. 41–45
  • D. A. Seip: biografi i NBL1, bd. 10, 1949
  • Aa. Olsnes: Kviteseid bygdesoge, bd. 3, Kviteseid/Kragerø 1987
  • K. Venås: Den fyrste morgonblånen. Tekster på norsk frå dansketida, 1990

Portretter m.m.

  • Målarstykke av ukjend kunstnar, like etter 1700; attgjeving i Olsnes 1987 (sjå ovanfor, avsnittet Kjelder), s. 326