Faktaboks

Gunvald Tomstad
Fødd
2. august 1918, Nes (noverande Flekkefjord)
Død
12. mai 1970, Flekkefjord
Verke
Motstandsmann, bonde og typograf
Familie

Foreldre: Bonde Aksel Emil Jonassen Tomstad (1887–1918) og Berthe Tonette Gunleivsdatter Helle (1891–1983; ho gift 2) med Nils Tobias Søyland, 1882–1961).

Gift 29.9.1945 med Tordis Sofie («Fie») Rørvik (11.4.1920–5.7.2002), dotter til John Gustav Teodor Jonassen Rørvik (1881–1970) og Andrea Elisabeth Tobiasdatter (1882–1967).

Gunvald Tomstad

Foto teke i 1941. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Gunvald Tomstad
Av /NTB Scanpix ※.

Gunvald Tomstad var ein norsk motstandsmann under andre verdskrigen, mellom anna med ein illegal radiosendar heime på garden Helle ved Flekkefjord. Etter avtale med London gjekk han inn i Nasjonal Samling (NS), og levde eit farleg liv som dobbeltagent til han vart avslørt og måtte flykte til Storbritannia.

Bakgrunn

Gunvald Tomstad miste faren som liten og voks opp hos morfaren Gunleiv Helle, som han arva garden etter som 22-åring 1940. Han gjekk i lære som typograf i lokalbladet Agder i Flekkefjord. Då redaktør Ingvald Seland ikkje ville trykkje nazipropaganda i bladet, la han det resolutt ned. Tomstad miste dermed arbeidet og dreiv deretter som bonde med mjølkeproduksjon, fruktavl og biavl.

Motstandsmann

Tomstad var teknisk interessert og prøvde før krigen å byggje ein radiosendar. Odd Kjeld Starheim var kamuflert som gardsarbeidar på Helle etter at han kom over med ein radiosendar frå Storbritannia tidleg i 1941. Etter tips frå Johannes Seland og andre motstandsfolk i Flekkefjordsdistriktet hadde Starheim fått plassert radiosendaren hos Tomstad på Helle. Sendaren var eit ledd i etterretningsnettet «Cheese», som stod under kommando av Special Operations Executive (SOE). Kompani Linge, som Starheim høyrde til, var ein del av SOE.

Frå sendaren på Helle gjekk ei mengd opplysningar av interesse for London, til dømes om tyske krigsskip og forsyningsskip langs norskekysten, om tyske troppeflyttingar og om utbygging av flyplassar, fort og festningar. Som typograf var det òg relativt greitt for han å gi ut den illegale avisa Kongsposten, som han distribuerte ei tid etter at tyskarane konfiskerte radioane hausten 1941.

Tomstad hadde fleire gode hjelparar i denne tida. Mellom desse var Esther Synnøve Øysteinsland som med overlegg spelte naiv hushjelp overfor tyskarane, Kåre Austad som hjelpte til med koding og avkoding av meldingane, og Andreas Lone som var radiotelegrafist og kunne betjene sendaren til faste tider på døgnet. Tomstad stod som oftast vakt under desse sendingane. Viktige meldingar formidla Fie Rørvik vidare til Helle, etter at Tor Njaa, leiar for heimefronten i Flekkefjord, hadde samla dei inn i forretninga si frå kurerar i eit distrikt som nådde frå Stavanger til Oslo. Fie Rørvik arbeidde på meieriet der Tomstad leverte mjølk frå garden sin. Dei gifte seg etter krigen.

Dobbeltagent

Etter avtale med London gjekk han våren 1941 inn i NS og opererte som dobbeltagent for lettare å kunne dekkje over den illegale verksemda med radiosendar heime hos seg på Helle. Tyskarar var stadig på leiting med peileutstyr for å finne sendaren, som dei observerte var på lufta i distriktet rundt Flekkefjord. Sidan Tomstad vart sett på som ein framståande hirdmann og nazist, vart ikkje huset hans på Helle undersøkt.

Motstandsmannen Tomstad vart etter kvart ein leiande NS-mann og framståande nazi-ideolog innan partiet i Flekkefjordsdistriktet. Han vart utsett for ei sterke sosiale og psykiske påkjenninga som dobbeltagent, både frå folk i bygda som likte dårleg at han var på nazistane si side, og frå den tyske okkupasjonsmakta han spionerte på som motstandsmann.

Dobbeltspelet heldt fram til tidleg på nyåret 1943, men til slutt gjekk det opp for SS-Hauptscharführer Lipicki og SS-Sturmscharführer Lappe at Tomstad stod bak den illegale radioverksemda. Han kom seg unna i siste liten, flykta til Sverige og seinare til Storbritannia.

Etterkrigstida og ettermæle

Mot slutten av krigen og i etterkrigstida var Tomstad ein bitter mann og motstandar av krig. Han var dermed ikkje glad for medaljar og ordenar han fekk. Han grov utmerkingane ned under eit plommetre i hagen på Helle og sa at dei låg best slik – med tanke på alle venner og kameratar som hadde mist livet under krigen.

Langtidsverknaden av dobbeltrolla som motstandsmann og NS-ideolog melde seg mentalt med full styrke når fredsåra og kvardagen kom. Tomstad døydde fysisk og psykisk nedbroten berre 51 år gammal. Framme på kista låg det krans frå kong Olav. Ein framståande motstandsmann frå distriktet, Kompani Linge-karen Tor Hugo van der Hagen, var mellom dei som sa minneord ved gravferda.

Eit minnesmerke over Tomstad er sett opp ved Flekkefjord kyrkje.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Stø, Eivind og Hanssen, Haakon Smedsvig (2020): Historien om Cheese og senderen på Helle.
  • E. O. Hauge: Mannen som stjal Galtesund, 1955
  • P. Hansson: Det største spillet, 1965 og 1982
  • Vest-Agder Fylkesmuseum (utg.): Motstandskampen på Agder 1940-45, Kristiansand 1992
  • A. Moland: I hemmelig tjeneste, 2001
  • M. Haugland: I natt gjelder det!, 2001 (med bibliografi)

Faktaboks

Gunvald Tomstad
Historisk befolkingsregister-ID
pc00000001802819

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg