Faktaboks

Frederik Gabel
Fødd
1645, Bremen, Tyskland
Levetidskommentar
Død 21.6.1708 i København, Danmark
Verke
Dansk-norsk embetsmann
Familie
Foreldre: Statthaldar Christoffer Gabel (1617–73) og Ermegaard (Irmgard) Bodenhaupt (død 1699). Gift 25.4.1671 med Anne Cathrine Juul (1655–1707), dotter av visestatthaldar Ove Juul (1615–86; sjå NBL1, bd. 7) og Kirstine Urne (1628–72).

Frederik Gabel kom til Noreg våren 1700, etter at han kort etter kongeskiftet vart utnemnd til visestatthaldar i Noreg og stiftamtmann i Akershus. I ein slik posisjon kunne han ha voner om å spela ei viktig rolle, slik han såg seg skikka til.

Som son til rentemeister og statthaldar i København, Christoffer Gabel, hadde han etter studier fått ein rask start på karrieren som hoffjunker 1665, kammerherre 1666 og som utsending til Paris 1667. I Griffenfelds stordomstid var han meir på sidelinja, men han hadde vore utsending til Moskva 1676–77 og Berlin 1682–85, amtmann på Færøyane og over Sorø og Ringsted, og frå 1695 var han geheimeråd. Det var ei klår forfremjing å koma til Noreg, og han gjekk med både energi og sjølvmedvit til sitt embete.

Ulrik Frederik Gyldenløve hadde vore statthaldar i Noreg heile perioden 1664–99, men hadde lengste tida halde seg i Danmark, medan Ove Juul og Just Høeg hadde vore innsette som visestatthaldarar. Gyldenløve og før han Hannibal Sehested hadde, med bakgrunn i sin nære skyldskap med kongen, hatt store fullmakter som statthaldarar i Noreg. Gabel fekk i sin instruks litt utvida fullmakter i høve til Just Høeg, men ikkje slik makt som Gyldenløve. Han hadde likevel høge tankar om den funksjon han skulle ha. I eit skriv til kongen 11. september 1700 drog han opp prinsipielle retningslinjer for styringa av Noreg med vektlegging av at kvart av kongens land skulle vera mest mogleg oppteke med sine utfordringar og sine sjansar. Norske saker skulle difor handsamast ut frå norske interesser i tillegg til kongens eigne, og Gabel bad om kongens godkjenning av slike retningslinjer.

At kongen ikkje svara, heller ikkje etter purring, måtte gjera Gabels posisjon meir usikker. Han la fram mange idear og prosjekt utan at han kom til å setja store spor etter seg. Hans tanke om at omsyn til norske forhold skulle vega tyngst, ikkje danske interesser, gav han til dels god omtale i Noreg. Men han viste seg også både forfengeleg og sjølvhevdande, og kom opp i strid, t.d. med kommanderande general i Noreg, feltmarskalk G. W. Wedel, som på si side hadde tilteke seg makt også i sivile saker.

Trass i sin viktige funksjon i Noreg heldt Wedel seg mykje i Danmark, og alt 1702 forlet også Gabel Noreg for å bli i Danmark til sommaren 1704. Det er grunn til å tru at tradisjonen med slikt fråvær frå landet av både kommanderande general og statthaldar er ein viktig grunn til at kongen oppretta slottsloven på Akershus 1704–22. Slottsloven, som kan kallast ein regjeringskommisjon, skulle mellom anna sikra at nokon med styringsmakt alltid var til stades. Kommisjonen fekk fem medlemmer, medrekna Gabel, som skulle vera president. Forholdet mellom slottsloven og visestatthaldaren er ikkje heilt klårt. Dei hadde kvar sin instruks, som hadde fleire nesten likelydande paragrafar. I praksis vart det slik at ein del saker avgjorde Gabel åleine, ein del saker kunne både Gabel og slottsloven avgjera, og nokre kunne slottsloven åleine avgjera. Frederik 4 åpna sjølv det første møtet i slottsloven i Christiania 11. juni 1704. Same sommaren følgde Gabel kongen på hans store reise omkring i landet.

Kongens manglande svar på hans prinsipielle synspunkt og opprettinga av slottsloven gav Gabel ein litt annan posisjon enn det han sjølv hadde tenkt seg i starten. Det vart ikkje mogleg å opptre med den autoritet han gjerne ville ha, og truleg gjorde svak sjølvkritikk og trong til sjølvhevding at han kunne bli framstilt som litt narraktig. Kongens halvbror Gyldenløve, som også var med på reisa i 1704, legg for dagen ei slik litt negativ haldning til Gabel i sine oppteikningar frå reisa. Frå 1704 var Gabel likevel mykje i Noreg og deltok på om lag halvparten av møta i slottsloven fram til han døydde under eit opphald i København 1708. Kongen hadde heile tida halde si hand over han mot krefter som hadde vilja ha han bort frå stillinga.

Korkje som visestatthaldar eller som stiftamtmann i Akershus fekk Gabel gjennomført store saker, og han vart ingen stor autoritet på norske saker, men det er heller ikkje grunn til å klandra hans innsats som embetsmann.

Nokre nedteikningar frå Gabels hand er av ei viss historisk interesse, men både Udkast til Souverainitetens Historie og Kongelovens hemmelige Historie er prega av ønskje om å framheva farens store rolle på kostnad av Griffenfeld og andre.

Verker

  • Udkast til Souverainitetens Historie
  • Kongelovens hemmelige Historie
  • Tre memorialer fra Vice-Statholder F. Gabel til Kongen høsten 1700, trykte i Norsk Tidsskrift for Videnskab og Litteratur 1848, s. 254–260
  • To memorialer fra F. Gabel om Branden i Bergen og Forholdene der 1702, ibid., s. 162–181

Kilder og litteratur

  • U. Chr. Gyldenløwe: Dag-Register over Kong Frederik IV's Reyse i Norge 1704, 1770
  • R. Nyerup og P. F. Suhm: Bidrag til Souverainitetshistorien, Kongelovens hemmelige Historie, i Nye Samlinger til den danske Historie, bd. 1, København 1792, s. 230–238
  • d.s.: Entwurf zu einer Geschichte der Souverainität, i Nye Samlinger til den danske Historie, bd. 3, København 1795, s. 1–13
  • O. A. Johnsen: biografi i NBL1, bd. 4, 1929
  • C. O. Bøggild-Andersen: biografi i DBL3, bd. 5, 1980, s. 67–68
  • E. Blix: Stattholderskap og Slottslov 1699–1722 i HT, bd. 33, 1943–46
  • S. Supphellen: Statthaldarinstitusjonen i Noreg 1722–1739, Trondheim 1983