Faktaboks

Edvard Liljedahl
Edvard Apolloniussen Liljedahl
Fødd
6. august 1845, Vik, Sogn og Fjordane
Død
10. oktober 1924, Vik
Verke
Politikar
Familie
Foreldre: Lærar og kyrkjesongar Apollonius Liljedahl (1806–84) og Britha Olsdotter Hopperstad (1809–89). Gift 18.10.1869 med Barbra Einarsdotter Ramsli (3.8.1850–25.10.1928), dotter til lensmann og gardbrukar Einer Larsen Ramsli (1810–88) og Sigri Lassesdotter Trondvik (1811–99).

Gjennom heile sitt offentlege liv representerte Edvard Liljedahl den vestlandske moderasjonen i norsk politikk med sitt lågkyrkjelege kultursyn og sin sosiale konservatisme. Tre gonger skifte han parti utan å endra grunnhaldning. To gonger hadde statsministrar bruk for han til å supplere skadeskotne regjeringar, først Johan Sverdrup 1889, så Høgres Jens Bratlie 1912. Men det var først og fremst i Stortinget Liljedahl sette spor etter seg som moderasjonens talsmann frå 1880-åra til 1909.

Liljedahl var lærarson frå Vik i Sogn, og etter eksamen frå lærarskolen i Balestrand 1864 og seminaret på Stord 1866 slo han seg ned som lærar og kyrkjesongar i Kyrkjebø. Der vart han ein sentral person i lokalstyringa, m.a. som ordførar i mange år. 1880 kom han på Stortinget som representant for Nordre Bergenhus amt og slutta seg til venstreopposisjonen. Han markerte seg snart som talsmann for den lågkyrkjelege retninga i Venstre som gjennom medrepresentanten hans frå amtet, statsråd Jakob Sverdrup, fekk stor innverknad på den nye venstreregjeringa 1884.

Under det skismaet som etter kvart utvikla seg mellom Johan Sverdrup og den meir radikale delen av Venstre, plasserte Liljedahl seg i den moderate grupperinga som var lojal mot statsministeren. Blant dei skiljande sakene hadde åndskulturelle spørsmål størst sprengkraft, og i dei stod han i fremste kampline. Da søknaden om diktarløn til Alexander Kielland kom opp 1885 og 1886, var Liljedahl saman med Lars Oftedal hovudtalsmann for motstandarane. Ikkje berre svinga han riset over “Fritænkeriet” i litteraturen, han gav saka ein kløyvande politisk dimensjon: “Jeg kan forstaa, at de, der i Venstrebevægelsen ser en Omsnuing fra Roden til Toppen, ser en Styrke i Kiellands Arbeide; men saa er ikke Tilfælde med det store Venstreflertal, som i sin Sag ser en jevn Fremadskriden paa gammel Grund.”

Da Venstre klovna 1888, følgde Liljedahl det moderate mindretalet. Han vart attvald til Stortinget og fungerte 1889–91 som fremste talsmann for den moderate gruppa i tinget. Han var òg statsråd fire månader 1889 under Johan Sverdrups siste forsøk på å halde regjeringa si ved makta. To år seinare medverka han til at dei moderate røysta for den Bernerske dagsorden, som felte Emil Stangs høgreregjering. Han høyrde da til ein “venstremoderat” fraksjon, som nærma seg dei “reine” først og fremst i unionspolitikken.

1891 fekk Liljedahl stillinga som postmeister i Ålesund og var ein periode utanfor politikken. Etter valet 1894 var han tilbake og representerte Ålesund og Molde fram til 1906, også medan han 1901–04 var postmeister i Bergen. No var han vald som venstremann, men han var ikkje blitt mindre moderat i si politiske framferd. Under den politiske krisa 1895 var han ein av arkitektane bak det tverrpolitiske initiativet til våpenkvile i unionskonflikten. Same året og dei følgjande markerte han seg som bremsekloss i den andre store venstresaka, røysterettsutvidinga. Liljedahl ville gå varsamt og stegvis fram: “Naar man er blevet lidt ældre, saa har man lært, at der ligger adskillig Magt i Moderationen,” vitna han i debatten. Han følgde same rettesnora også i sosiale reformspørsmål. 1899–1900 var han president i Odelstinget, 1900–03 i Stortinget, og frå 1903 var han formann i kyrkjekomiteen.

Politisk gleid Liljedahl meir og meir bort frå hovudstraumen i Venstre, og 1906 vart han vald i einmannskrinsen Ytre Sogn i konkurranse med den offisielle venstrekandidaten. I Stortinget høyrde han til “samlingsvenstre”, som solidariserte seg med Christian Michelsens regjering og vart stengt ute frå Venstre ved konsolideringa 1908. Resten av perioden var han leiar for gruppa av utestengde, dei “uavhengige”. Han var samtidig stortingspresident.

Liljedahl søkte ikkje seinare val til Stortinget, men gjekk 1912 inn i Jens Bratlies regjering som kyrkjeminister. Regjeringa fekk mindre enn eit års levetid. Sidan var han utanfor politikken og budde i Vik i Sogn til han døydde 1924.

Edvard Liljedahl vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden 1896 og til kommandør av 1. klasse 1901. Han hadde storkrossen av den franske Æreslegionen og var riddar av den svenske Nordstjärneorden.

Kilder og litteratur

  • HEH 1912
  • Lindstøl, bd. 1, 1914
  • H. Koht: biografi i NBL1, bd. 8, 1938
  • O. Hoprekstad (red.): Bygdabok for Vik i Sogn, bd. 1 og 3, Bergen 1951/1958
  • Protokoll for Venstres stortingsgruppe 1883–1940, bd. 1, 1975
  • L. Mjeldheim: Folkerørsla som vart parti. Venstre frå 1880-åra til 1905, Bergen 1984
  • A. Førsund: Ættebok for Kyrkjebø, Stavanger 1995