Faktaboks

Arvid Torgeir Lie
Fødd
18. august 1938, Skafså i Tokke, Telemark
Død
19. mai 2020, Spydeberg, Viken
Verke
Forfattar
Familie
Foreldre: Anleggsarbeidar Gjermund Lie (1908–95) og gardsjente, kokke og husmor Ingebjørg Barstad (1907–2002). Gift 2.9.1972 med ergoterapeut Liv Greaker (10.1.1944–), dotter til gardsforpaktar Oskar Gabriel Greaker (1916–2000) og Dagny Othilie Hansen (1911–88).

Arvid Torgeir Lie var ein framståande moderne lyrikar. Stoff til dikta sine henta han frå kvardagens erfaringar. Han skapte eit eige og særprega kunstnarleg uttrykk som er direkte og overrumplande, på ein måte som minner om naiv målarkunst.

Lie voks opp i Skafså i Telemark, i eit arbeidarmiljø knytt til gruvedrift og kraftutbygging. Etter examen artium frå gymnaset i Rjukan 1958 studerte han ved Universitetet i Oslo, men braut av etter ei tid. Midt i 1960-åra flytte han tilbake til Telemark, til Seljord, og hadde nokre år tidsavgrensa jobbar som skogs- og anleggsarbeidar.

Allereie i ungdommen hadde Lie planar om å bli kunstnar. Han førsøkte litt med noveller i gymnas- og studietida, etter kvart også dikt, og debuterte 1967 med ei diktsamling. Dei neste åra gav han ut fleire bøker som gav han ein posisjon som lyrikar. Han mottok arbeidsstipend 1974–78 og har etter det hatt garantiinntekt for kunstnarar. 1997 flytte han til Spydeberg i Østfold.

Lies litterære prosjekt var genuint poetisk og er ein freistnad på å finna uttrykk for erfaringar som ikkje blir dekte av det vanlege språket, heller ikkje av tradisjonell kunst, som Lie tidleg vurderte som snevert innretta mot borgarskapets erfaringar. Debutsamlinga Under fuglens vengjekross er inspirert av naturmystikken til Aslaug Vaa, oppfølgjaren Snøvinter er prega av den austlege (japanske og kinesiske) kortforma som på den tid var aktuell gjennom omsetjingane til Paal-Helge Haugen og dikta til Olav H. Hauge. Spor av påverknad utanfrå er mindre synlege i tredje boka, Frå eit halvt liv, som i tillegg til å vera kunstnarleg meir sjølvstendig også har eit større motivregister. Medan dei første bøkene handla nesten berre om natur, kjem nå også sivilisasjonen og det moderne livet meir med.

I alle tre bøkene frå 1970-åra (Skrive og tenke, Sol og sekund, Sju svingar opp) er det avdelingar med samfunnsdrøftande dikt, der forfattaren konsekvent stiller seg på dei undertryktes side. Etter dette har det komme fleire tematisk gjennomkomponerte samlingar. Eit merkeleg hus handlar om samanhengen – eller den manglande samanheng – mellom orda og verda. Den nye maskina er einaste novellesamling i forfattarskapen og den enkeltboka som klarast sirklar inn eit litterært univers: landsbygda i innlandet i 1950-åra, då moderniseringa for alvor sette inn.

Denne svunne tida blir påkalla også i dei tre siste bøkene, I eit Bergsto-år, Eksakthet. Nærvær og 39 fragment over ein harmonika. Lie er ikkje nostalgisk når han ser tilbake, snarare aktuell. Han fordjupar seg i det karrige livet og det karrige landskapet, men på ein slik måte at det paradoksalt framstår også som rikt og bugnande, og finn såleis eit motstykke og korrektiv til det moderne samfunnets stadig aukande orientering mot pengar og makt.

Med få unntak var det frie vers Lie skreiv. Tidleg i forfattarskapen dyrkar han kortforma, men kjem betre til rette i eit litt større format. Stilen er lett og bevegeleg, og frå og med Sju svingar opp har dikta også eit visst preg av forteljing, til tider med element frå fabelen. Lie søkte konsentrasjon i språket og lot i mange tilfelle mye stå eller falla på eitt bilete eller éin detalj, som i lykkelege tilfelle kan bera ein heil situasjon. Karakteristisk var samankoplinga av enkle bodskapar med utprega dristige metaforar, som når Kristus blir omtalt som “julas løve og tiger”, den unge folen som “sol og sekund”, den unge kvinna som “sving og vokal”.

Lie har gjendikta tekstar av tsjekkaren Miroslav Holub (Den forsvinnande lungas syndrom) og av franskmannen Eugène Guillevic (Skåpet var av eik).

Verker

Dikt

  • Under fuglens vengjekross, 1967
  • Snøvinter, 1968
  • Frå eit halvt liv, 1969
  • Skrive og tenke, 1971
  • Sol og sekund, 1973
  • Sju svingar opp, 1976
  • Eit merkeleg hus, 1981
  • Dikt i utvalg, ved Kjell Heggelund, 1982
  • I eit Bergsto-år, 1990
  • Eksakthet. Nærvær, 1995
  • 39 fragment over ein harmonika, 2001
  • Innfor den myndige og den umyndige beretninga, 2006

Noveller

  • Den nye maskina, 1986

Gjendiktingar

  • M. Holub: Den forsvinnande lungas syndrom, 1994
  • E. Guillevic: Skåpet var av eik, 1997

Kilder og litteratur

  • A. T. Lie: “Kunst og klasseskilje”, i Vinduet nr. 4/1968, 244–247
  • J. E. Vold: “Sannheten om trekkspillet er at det brenner”, i Vinduet nr. 3–4/1971, s. 150–154 (opptrykt i Entusiastiske essays. Klippbok 1960–75, 1976, s. 411–419)
  • A. T. Lie: “Diktets formelle lykke”, i Dagbl. 3.6.1972
  • J. E. Vold: “Samtale med Arvid Torgeir Lie”, i Vinduet nr. 4/1974, s. 18–28 (opptrykt i Entusiastiske essays,s. 662–679)
  • O. M. Mæland: “En sjikkelig poesisving …”, i S. Helseth (red.): Dikt og kritikk, 1981, s. 132–145
  • E. Økland: “Rotekte, original, folkeleg og stolt”, i Dagbl. 30.10.1981
  • A. Kittang: “Det pustar under loket”, i Samtiden nr. 90, 1981 (ekstranr.)
  • J. E. Vold: “Du kjøper ei avis”, i Dagbl. 24.3.1983 (opptrykt i Poetisk praksis. 1975–1990, 1990, s. 54–57)
  • O. Fyllingsnes: “Tangoen er herleg”, i Dag og tid 7.12.1995
  • d.s.: “Mellom nærvær og briljans”, i Dag og tid 8.12.2001