Faktaboks

Agvald Gjelsvik
Fødd
14. oktober 1907, Tvedestrand
Død
14. oktober 1976, Bærum
Verke
Skolemann
Familie

Foreldre: Lærar Andreas Gjelsvik (1863–1938) og Brita Bolstad (1872–1953).

Gift 1934 med lærar Aase Hermansen (f. 22.1.1909).

Brorson til Nikolaus Gjelsvik (1866–1938).

Agvald Gjelsvik var ein norsk skoleleiar, kjend som administrator og nyskapar innanfor gymnaset og den vidaregåande skolen. Han var formann i Gymnasrådet frå 1961 til 1969 og i Gjelsvik-utvalget fra 1962 til 1967, som vurderte det faglege innhaldet og oppbygginga til gymnaset.

Bakgrunn

Agvald Gjelsvik voks opp i Tvedestrand, tok examen artium i Arendal 1926 og byrja deretter ved universitetet i Oslo. Her studerte han faga matematikk, kjemi, fysikk og astronomi og tok embetseksamen med astronomi som hovudfag 1933.

Karriere

Lektor

Skolegjerninga si starta Gjelsvik som lektor ved Orkdal landsgymnas frå 1933. Her var han mykje med i fagleg organisasjonsarbeid og sat i sentralstyret i Norsk lektorlag i perioden 1945–50.

Rektor

1906 hadde farbror til Agvald Gjelsvik, jusprofessoren og målreisaren Nikolaus Gjelsvik, lansert tanken om landsgymnaset, ein skole for landsungdom som skulle ligge i bygdemiljø. Frå 1920 hadde det vore arbeidd med å skipe eit landsgymnas for det indre Austlandet, og dette vart realisert 1946, da Gudbrandsdal landsgymnas starta opp på Vinstra. Her vart Gjelsvik tilsett som rektor frå starten, og han fekk i full mon høve til å vise evnene sine som lærar, organisator og administrator. Skolen starta opp under vanskelege tilhøve, men første kullet som gjekk ut hadde det beste eksamensresultatet som var oppnådd på noko gymnas i Noreg. Gjelsvik sat som skoleleiar og den drivande krafta på dette gymnaset gjennom heile oppbyggingsfasen og fram til 1969, og han rekna denne skolen som livsverket sitt.

Undervisningsrådet og Gymnasrådet

Men Gjelsvik gjorde også ein stor innsats på det nasjonale planet i utviklinga av gymnaset og den vidaregåande skolen. Han vart medlem i Undervisningsrådet frå 1958, og var formann her frå 1962 til 1965. Undervisningsrådet hadde tilsynet med gymnaset og ansvaret for eksamensoppgåvene der, noko som var viktig for utviklinga av skolen. Frå 1965 overtok Gymnasrådet dei funksjonane som tidlegare låg under Undervisningsrådet og Undervisningsnemnda for handelsgymnaset, og her sat Gjelsvik som formann fram til 1969.

Gjelsvik-komiteen

Han var elles medlem av den såkalla samlegymnaskomiteen i perioden 1959–60, som hadde som mål å konsentrere gymnasutbygginga på visse plassar, ein politikk som ein seinare gjekk bort ifrå under arbeidet med einskapsskolen. Ved sida av arbeidet i Undervisningsrådet og Gymnasrådet har nok Gjelsvik hatt størst påverknad på utviklinga av skolen som formann i Utvalet til å vurdere reform av fagleg innhald og indre oppbygging av gymnaset (Gjelsvik-komiteen) 1963–67. Det var arbeidet i denne komiteen som førte til at ein gjekk bort frå det gamle linedelte gymnaset og over til at elevane meir kunne velje fritt mellom dei ymse faga. Dette førte fram til reformgymnaset, og er rekna som eit pionerarbeid.

Komitear og utval

Gjelsvik vart elles nytta i fleire andre komitear og utval. Han var medlem av det departementale konfirmasjonsutvalet i 1962 og medlem av Statens lesebokutval frå 1962, der han vart leiar i 1970. Frå 1968 var han også nestformann i Kringkastingsrådet. Han engasjerte seg lokalt og var formann i Oppland Folkeopplysningsråd 1949–55, representerte Arbeiderpartiet i Nord-Fron kommunestyre i perioden 1956–60, og var medlem av Oppland fylkesskolestyre 1960–64. Elles var Gjelsvik lærebokforfattar og gav ut Lærebok i projeksjonsteikning (1946), Matematisk geografi (1954), og Astronomi (1963). Han omsette også fleire lærebøker til nynorsk.

Frå 1969 vart han tilsett som rektor ved Stabekk gymnas og hadde denne stillinga til han gjekk av 1975.

Verk

  • Lærebok i projeksjonsteikning, 1946
  • Matematisk geografi, 1954
  • Astronomi, 1963

Litteratur

  • Studentene av 1926, 1951
  • Hvem Er Hvem 1973 og 1979
  • Vinstra Vidaregåande Skule 1946–1986,Vinstra 1986

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg