Faktaboks

Abel Bergstrøm
Abel Oscar Theodor Bergstrøm
Fødd
21. desember 1834, Upplands-Bro, Sverige
Død
5. desember 1920, Kristiania
Verke
Gartnar, lærar i hagebruk
Familie

Ugift

Abel Bergstrøm var gartnar ved Norges landbrukshøgskole, seinare dosent. Han var den første og einaste læraren i faget og utarbeidde planane for hagebruksutdanninga; han bygde også opp planteskolen og grunnla parken og frukthagen ved landbrukshøgskulen.

Abel Bergstrøm var født på godset Ådö ved Mälaren, der faren var gartnar. 1840 fekk han pakta eit gartneri på Skytteholm på Ekerö, og der lærde Abel gartnarfaget. Han skaffa seg vidare innsikt i faget ved å arbeide 2 1/2 år ved eit handelsgartneri i Stockholm, og var deretter 2 1/2 år på Örbyhus slott i Uppland. Under ei reise til Sverige kom direktør F. A. Dahl ved Den høiere landbrugsskole på Ås i kontakt med Bergstrøm og tilbaud han gartnarstilling ved høgskolen. Han kom til Ås i februar 1860.

Under oppbygginga av landbrukshøgskolen i 1850-åra vart det utarbeidd ein plan for parken der av ein gartnar i Göteborg. Men lite vart gjennomført, slik at Bergstrøm kunne utvikle parkanlegget etter eigne idear. Utforminga viser at han hadde god innsikt i korleis eit slikt parkanlegg burde vere.

Men innsatsen hans er særleg knytt til handelshagebruket. Han bygde opp ein stor planteskole ved NLH, og sal av frukttre, buskar og prydtre gav store inntekter som kunne nyttast til utbygging og drift av parken og hagebruket på høgskolen. Bergstrøm fekk gjennomført omfattande prøving av frukt- og bærsortar og av ein del artar av prydbuskar og prydtre på høgskoleområdet. Utveljingsarbeidet fekk stor verdi, ikkje minst ved at Bergstrøm berre formeira og selde det materialet som var best tilpassa norske forhold. Bergstrøm forvalta eit areal på ca. 140 daa, og var arbeidsgivar for 10–12 personar året rundt og mange fleire i veksttida. I parken fekk han i 1890-åra planta ei botanisk samling av buskar og tre, noko som vart til stor nytte i undervisinga seinare.

Bergstrøm hadde undervising og øvingar i den lågare jordbruksavdelinga i åra 1881–87, og hagebruk var eksamensfag i avdelinga frå 1883. 1887 vart det oppretta ei hagebruksavdeling ved NLH, med Bergstrøm som einaste lærar. Det var Bergstrøm som sjølv tok initiativet til og utarbeidde planane for ei slik avdeling. Utdanninga ved avdelinga var frå først av toårig, og dei første fem hagebrukskandidatane vart uteksaminert 1889. Hagebruksundervisinga var allsidig og omfatta også anleggsgartneri og hageteikning. Til øving i hageteikning vart det brukt om lag 250 timar.

1897 vedtok Stortinget Lov om Norges Landbrukshøiskole. Det førte til ei meir akademisk oppbygging av studiet, og Bergstrøm fekk tittelen dosent. Studietida var framleis to år, men studentane måtte ha hagebruksskole og spesialpraksis på førehand. I den nye planen var undervisinga i hagekunst noko redusert. Bergstrøm var framleis nokså åleine om hagebruksundervisinga.

Bergstrøm etterlet seg få skriftlege arbeid. Men forelesingane vart dikterte, og studenten Kristian Fredrik Kiserud tok vare på notatane. For Almindelig havebrugslære er det over 500 sider. Dei viser at forelesingane var ein grundig gjennomgang av dei fagkunnskapane som var kjende på denne tida.

Bergstrøm har i ettertid vore rekna som ein stillferdig og smålåten mann. Han var lite med i organisasjonsarbeid utanfor høgskolen. I hans tid gjorde professor F. C. Schübeler ved universitetet i Kristiania eit stort arbeid innan gartneri og hagebruk, med organisering av gartnarstanden, tilskiping av hagebruksutstillingar, prøvedyrking av hagevekstar og skriving av lærebøker innan hagebruk. I gartneriet ved Botanisk hage på Tøyen hadde han også lærlingar i hagebruk. Schübeler sin store innsats medverka sikkert til at det arbeidet som Bergstrøm utførte ikkje vart særleg påakta i samtida av hagebrukarar og gartnarar utover landet.

Bergstrøm gjekk av 1901 og flytte til Kristiania. Ved avgangen fekk han H. M. Kongens fortenestemedalje i sølv. 1910 vart han æresmedlem av Norsk Gartnerforbund. 1916 skreiv Bergstrøm testament. Det han åtte skulle gå til eit fond der rentene skulle brukast til stipend for hagebrukskandidatar. På NLH vart det 1923 reist ei minnestøtte over han.

Verker

Skriftleg, ikkje-publisert materiale

  • Forelesninger ved Havebrugsafdelingen ved Den høiere Landbrugsskole i Aas 1887–1889, referert av Kr. Kiserud; i Skards samling, Hovedbibl., NLH, Ås

Kilder og litteratur

  • J. Smitt: “Havebrugslærer og Gartner ved Den høiere landbrugsskole i Aas Abel Bergstrøm”, i Norsk havetidende, årg. 16, 1900, s. 197–204
  • N. Ødegaarden: Norges landbrukshøiskole 1859–1909, 1909
  • H. Misvær: “Abel Bergstrøm”, i Norsk havetidende, årg. 37, 1921, s. 17–19
  • Norsk hagebruksleksikon, 1960
  • T. Skard: Hagebruk og gartneri i Norge, 1963
  • Norges landbrukshøgskole. Hagebruk og hagekunst i 100 år. 1887–1987, utg. av Inst. for hagebruk og Inst. for landskapsarkitektur, NLH, Ås 1987