Faktaboks

Ragnvald Vaage
Fødd
29. april 1889, Sunde i Kvinnherad, Vestland
Død
27. juni 1966, Haugesund
Verke
Diktar og bonde
Familie

Foreldre: Gardbrukar Ola Larsson Vaage (1844–97) og Ragnhild Larsdotter Opsanger (1855–89).

Gift 20.4.1916 i Bergen med Dorothea Raunehaug (4.5.1892–4.2.1973), dotter til lærar og klokkar Erling Raunehaug (f. 1859) og Gunnhild Hystad (f. 1865).

Ragnvald Vaage var ein norsk forfattar og bonde. Han skreiv lyrikk, prosa og barnelitteratur. Vaage si prosadikting har sterke sjølvbiografiske innslag, ofte med kritisk blikk på bygdemiljø og barn sine oppvekstvilkår.

Bakgrunn

Vaage var fødd på Sunde i Kvinnherad i Hordaland (no Vestland). Han gjekk på folkehøgskuleVoss i 1906 til 1908 etter å ha arbeidd i Bergen, rodd fiske og vore gjetar. I 1908 kom han til Jæren og lærte jord- og hagebruk.

Frå 1912 til 1914 gjekk han på Askov Højskole i Danmark, ein skule som var viktig for mange nordmenn og ikkje minst nynorskforfattarar. I 1913 hadde Vaage sommarjobb i Tyskland og lærte seg språket, og i fritida las han Lessing, Goethe, Schiller og Heine. Han dreiv slektsgarden Våge på Sunde frå 1926, men fann tid til å skrive. I morsslekta til Våge var det mange haugianarar, noko som prega livssynet hans.

Vaage var med i den frilyndte ungdomsrørsla og vart ein populær talar.

Forfattarskapen

Vaage publiserte dikt i tidsskriftet Fossegrimen, og fekk artiklar inn i aviser, blad og julehefte. Han debuterte med diktsamlinga Liv som strir (1912), ein tittel som skulle peike fram mot ein sentral tematikk gjennom forfattarskapen. Vaage gav ut i alt 20 bøker i ulike sjangrar. Det er særleg lyrikken og den problemorienterte litteraturen for eller om barn han vert hugsa for i ettertid. Debutbarneboka Gutane på Tedneholmen (1923) har vorte ein klassikar.

Tema og stil

Nokre av barnebøkene har poetiske titlar som Den forunderlege vegen (1949) og Den gode sumaren (1955), sjølv om Vaage skriv i ein nyrealistisk tradisjon om barn som lever vanskelege liv. Bøkene hans vert ofte plasserte i grenselandet mellom barnelitteratur og vaksenlitteratur. Boka Mannsemne (1936) skil seg ut, med fleire forteljingar som tidlegare er prenta i julehefte. Dette er ei bok som har nokre humoristiske innslag, men tidvis òg ein oppsedande funksjon, og der hovudpersonane er idealiserte.

Etter debutboka for vaksne, Liv som strir (1912), følgde årvisst diktsamlingane Bylgja, Strengspel og eposet Gullbergland. Seinare gav Vaage ut mellom anna diktsamlinga Ættarjord (1929), romanen Porsvikfola (1930) og novellesamlinga Av jord er du komen (1941). Diktsamlinga Heim frå havet (1965) vart siste boka hans. Dikta til Vaage er oftast tradisjonelle i forma, og gjentek tidvis 1800-talspasjonen for nasjonalkjensle, folketradisjon og spelemannsmotiv. Lesaren møter eit diktar-eg forankra i det heimlege miljøet, der ikkje berre hardt arbeid, men òg «havet, døden og kjærleiken» er sentrale motiv.

I nokre av dikta vert sakn etter ei mors trygge famn tydeleg, medan andre kan vere sarkastiske og til dels samfunnskritiske. I seinare dikt kan ein få glimt av ei fjern verd, det vere seg i redsle for «langferder ut i rømda» eller i heftig draum om Marilyn Monroe «og andre barmdigre evadøtre» på kinolerretet.

Påverknad

Post mortem kom eit utval av Vaage sin lyrikk ut i redigert utgåve og med innleiing av Per Olav Kaldestad. Han hevdar at Vaage kan sjåast som inspirator for Tor Jonsson, Jakob Sande og Olav H. Hauge. Fleire har peika på at Vaage sjølv har vore influert av Arne Garborg. Elles viser han likskap med den samtidige sunnmørslyrikaren Henrik Straumsheim.

Magnus Hardeland måla to portrett av Vaage som er nytta i festskriftet til syttiårsdagen til Vaage, og Ståle Kyllingstad har laga monument på heimstaden i 1972. Fleire komponistar, mellom dei Arne Dørumsgaard og Sverre Jordan, har tonesett nokre av dikta hans. Eyvinn Thu har laga melodi til songen «Sunnhordland» med tekst av Vaage.

Prisar

Vaage fekk Sunnmørsprisen i 1953 for barneboka Den vonde draumen, og 3. premie i Kyrkje- og undervisningsdepartementet si prisutdeling i 1955 for barneboka Den gode sumaren.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Edvard Beyer (red.): Norges litteraturhistorie, bd. 4. Oslo 1975
  • Johs. A. Dale og Hans Nerhus (red.): Festskrift til Ragnvald Vaage på syttiårsdagen. Oslo 1959
  • Per Olav Kaldestad: Innleiinga «Den som vart fødd til jordson», i Ragnvald Vaage: Dikt i utval. Oslo 1977
  • Sonja Hagemann: Barnelitteratur i Norge 1914–1970. Oslo 1978
  • Tone Birkeland ofl.: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 1997
  • Tordis Ørjasæter ofl.: Den norske barnelitteraturen gjennom 200 år. Oslo 1981

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg