Faktaboks

Ludvig Eikaas
Fødd
20. desember 1920, Jølster (no Sunnfjord), Vestland
Død
5. september 2010, Oslo
Verke
Bildende kunstner og professor
Familie

Foreldre: Gårdbruker Daniel Eikaas (f. 1896) og Synnøve Svidal (f. 1895).

Gift 1949 med tekstilkunstneren Synnøve Anker Aurdal (1908–2000).

Ludvig Eikaas

Ludvig Eikaas fotografert med sjølvportrett, 1969. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Ludvig Eikaas
Av /NTB Scanpix ※.
Parklandskap
Ludvig Eikaas, Parklandskap, truleg 1966
Parklandskap
© /BONO/Nasjonalmuseet.
Lisens: Vernet verk

Ludvig Eikaas var ein norsk målar, grafikar og skulptør. Han var ein av «Dødsgjengen» i norsk biletkunst, vart professor og fekk sitt eige galleri i 1994. Han var gift med Synnøve Anker Aurdal.

Utdanning og studiereiser

Ludvig Olav Eikaas var fødd i Jølster (no Sunnfjord) i Sogn og Fjordane (no Vestland) og døydde i Oslo. Han studerte ved Statens håndverks- og kunstindustriskole 1942–1946. I 1946 til 1947 studerte han under Jean Heiberg ved Statens Kunstakademi. I 1948 var han elev ved Akademiet i København.

Han hadde òg studieopphald i Frankrike og Italia. I 1959 gjorde han ei reise til Italia. I løpet av denne reisa laga han ei rekkje byskildringar i akvarell og gouache.

Professor og Dødsgjengen

Frå 1970 vart Eikaas professor ved Statens Kunstakademi, der han òg var rektor 1981–1983. I yngre år var han ein av «Dødsgjengen», saman med Gunnar S. Gundersen, Odd Tandberg og Tor Hoff, unge kunstnarar som eksperimenterte med eit reint nonfigurativt formspråk.

Kunsten

Gul himmel

Tempera på lerret, 100,5 x 65,5 cm, 1968.

© /Nasjonalmuseet/BONO.
Lisens: Vernet verk

Eikaas debuterte på Statens haustutstilling i 1946. Heilt sidan debuten etter andre verdskrigen har Eikaas utforska fleire ulike uttrykk. Han var blant dei første i Noreg som arbeidde med eit reint nonfigurativt formspråk. Han eksperimenterte med mange formspråk, nonfigurativt og figurativt, og han arbeidde med mange materiale. Den store retrospektive utstillinga i 2009–2010 viste ein biletkunstnar som heile tida var i rørsle.

Eikaas er representert i mellom anna Nasjonalmuseet i Oslo, Bergen Kunstmuseum, Henie Onstad Kunstsenter og i museum i København, Firenze og New York. Han fekk mange prisar. I 2000 vart han utnemnd til riddar av første klasse av St. Olavs Orden.

Som grafikar dyrka han særleg tresnittet, i ein stor, monumental form. Dei overraskande portrettframstillingane, som han oppnådd gjennom vidt ulike uttrykksmiddel, vitnar om eit skarpt blikk for særdraga til modellen. Han laga òg skulpturar. Dessutan var han ein dyktig hardingfelespelar. Han gav ut Innanfor sirkelen (1983), som er sjølvbiografiske skisser i tekst og teikningar.

Tilknytinga til Jølster

Eikaas budde det meste av livet i Oslo, men han heldt kontakt med heimbygda. I byrjinga av 1990-åra gav Eikaas hundre av arbeida sine til heimkommunen Jølster i Sogn og Fjordane. Seinare gav han fleire, og samlinga omfattar no om lag 800 kunstverk med Eikaas sin signatur. Det gamle meieriet på Ålhus vart bygd om til eit moderne kunstgalleri for å ta i mot gåva. Eikaasgalleriet vart opna i 1994. Det inneheld i tillegg til galleriet òg atelier.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Frode Andvik, red.: Ludvig Eikaas, 2009 (Utstillingskatalog).
  • Gunnar Danbolt ofl. (red.): Eikaas i 80 ... Festskrift til Ludvig Eikaas sin 80-årsdag. Eikaasgalleriet. Jølster 2000
  • Ludvig Eikaas. [Utstillingskatalog ved Frode Sandvik]. Oslo 2009
  • Jahn Otto Johansen: Ludvig Eikaas, 1981.
  • Runar Kristiansen (red.): Edvard Munch, Nikolai Astrup, Rolf Nesch, Ludvig Eikaas. Grafikk/Prints. Jølster 1998
  • Terje Lyngstad og Eyvind Viken: Slaget om Nasjonal og andre historier fra professor Eikaas' absurde virkelighet. Leikanger 2000
  • Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
  • Herbjørn Sørebø og Ludvig Eikaas: Fløytelåt. Eit naturmytisk møte med diktaren Jakob Sande. Oslo 1996
  • Inger Tragethon (red.): Portrett av Ludvig Eikaas. Oslo 1990

Faktaboks

Ludvig Eikaas

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg