Faktaboks

Leif Magnar Mæhle
Fødd
17. mai 1927, Sunndal, Møre og Romsdal
Død
1. september 2016, Oslo
Verke
Litteraturforskar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Magnus Mæhle (1876–1960) og Lovise Opdahl (1886–1956).

Gift 1950 med adjunkt Tora Hoel (12.8.1926–), dotter til skulestyrar Per Hoel (1898–1983) og Marit Holm (1897–1986).

Leif Magnar Mæhle var ein norsk litteraturforskar og grunnleggjar av Norsk Litterær Årbok. Han var mellom anna styreformann i Det Norske Samlaget, generalsekretær i Det Norske Videnskaps-Akademi og i 16 år skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd.

Bakgrunn

Leif Magnar Mæhle var fødd i Sunndal i Møre og Romsdal. Han tok examen artium som privatist ved Sunndalen private gymnas i 1946, lærarprøva ved Oslo off. lærarskole i 1950 og vart cand.philol. i 1952 frå Universitetet i Oslo. I 1969 vart han dr.philos. på ei avhandling om Olav Aukrust.

Mæhle var universitetslektor i norsk i Göttingen i 1953–1954 og i Lund i 1955–1961. Han var stipendiat i nordisk litteratur ved Universitetet i Oslo i 1962–1965, universitetslektor i 1966–1969 og professor i nordisk, særleg nynorsk litteratur, i 1969–1997.

Forfattarskapen

Mæhle gav i 1955 ut Ibsens rimteknikk, redigerte i 1964 Ei bok om Tarjei Vesaas, som byggjer på hovudfagsoppgåver om Vesaas frå nordiske universitet, og gav i 1967 ut Frå bygda til verda. Studiar i nynorsk 1900-talsdikting, ei artikkelsamling om diktinga til Tore Ørjasæter, Kristofer Uppdal, Aslaug Vaa, Tarjei Vesaas og Tor Jonsson. I 1968 kom doktoravhandlinga Vegen til varden. Ein studie i Olav Aukrusts dikting. Seinare gav han ut ut bøker om Tore Ørjasæter og Aslaug Vaa. Han har òg redigert tekstutval frå Olav Aukrust, Kristofer Uppdal og Aslaug Vaa. I 2009 gav han ut Diktarar på leiting, som tek for seg leitingsmotivet i tekstar av Snorre, A.O. Vinje, Arne Garborg, Olav Duun og andre.

Frå 1966 til 1988 redigerte Mæhle Norsk Litterær Årbok (NLÅ), ei årbok han sjølv tok initiativ til. Årboka formidlar norsk litteraturforsking til eit breitt publikum, oppsummerer kvart år tendensar på det litterære feltet og har ein fyldig bibliografi over norsk litteraturforsking. Mæhle var òg medforfattar til Norsk–svensk ordbok för bokmål och nynorska, som kom i fleire utgåver.

Andre verv og engasjement

Han var styreformann i Det Norske Samlaget i 1972–1981, skiftevis leiar og nestleiar i Norsk språkråd i 1972–1988, medlem av juryen for Nordisk Råds litteraturpris i 1972–1981 og ordførar i Foreningen Nordens representantskap i 1983–1991. Han var språkkonsulent ved Det Norske Teatret i 1968–1997 og var hovudredaktør av Det Norske Teatret 75 år 19631988, der han òg skreiv om nynorsk scenemål.

Mæhle vart vald inn i Det Norske Videnskaps-Akademi i 1975, der han var generalsekretær i 1986–1997. Han var òg medlem av vitskapsakademia i Danmark og Sverige. I 1995 vart han heidra med J. Letterstedts nordiska förtjänstmedalj for innsatsen for nordisk samarbeid.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Liv Bliksrud og Vigdis Ystad (red.): Hugbod. Heidersskrift til Leif Mæhle på 70-årsdagen. Oslo1997
  • Letterstedtska föreningen och Nordisk Tidsskrift – en informationsbrochyr. Stockholm 2007
  • Leif Mæhle (red.): Det Norske Teatret 75 år 19631988. Oslo 1988
  • Leif Mæhle, Oddrun Grønvik, Einar Lundeby (red.): Fornying og tradisjon. Språkvern og språkrøkt 1972–1988. Oslo 1987

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg