22 år gamal starta Hirsch yrkeslivet som gardsfullmektig og landbrukslærar ved Mo landbruksskule i Nordre Bergenhus. På grunn av sparepolitikken i 1860-åra vart skulen lagt ned i 1869, og Hirsch arbeidde etter det nokre år som landmålar i Trøndelag. Sparepolitikken ramma ei rekkje amtslandbruksskular på denne tida. Ein av dei var Jønsberg landbruksskule i Romedal. Garden som tilhøyrde skulen, vart bortforpakta i 1871. Hirsch søkte og fekk tilslaget, og han oppretta same året ein privat landbruksskule, som igjen vart offentleg i 1878. Han sat som styrar ved Jønsberg landbruksskule fram til 1895 og gjorde skulen til ein av dei mest sentrale institusjonane i sitt slag i landet.
Samstundes tok han del i den offentlege debatten om utviklinga av landbruksskulane på landsbasis, og han var pådrivar for å fremje dei som utdanningsveg for bygdeungdomen. Han la særleg vekt på teoretiske fag – historie, norsk og naturfag, mellom anna for å møte konkurransen frå folkehøgskulane, og han gjekk inn i ein til dels heftig diskusjon med mellom anna landbruksdirektør Jonas Smitt om både tilhøvet mellom allmenn- og yrkesopplæring og lengda på dei enkelte kursa.
I 1895 vart Hirsch utnemnt til direktør ved Aas høiere landbruksskule. Samstundes vart han formann i Den parlamentariske landbrukskommmisjon som utgreidde spørsmålet om både den høgre og lågare landbruksutdanninga. På grunnlag av dette arbeidet vart Noregs landbrukshøiskule oppretta som vitskapleg høgskule i 1897. Hirsch fekk hovudansvaret for å byggje han opp, og han leidde den nye høgskulen dei første åra samstundes som han hadde undervisning i jordbruks- og husdyrlære. Av personlege grunnar søkte han avskjed i 1904. Han tok då over styrarstillinga ved Kristians amts landbruksskule på Storhove ved Lillehammer etter Nils K. Ødegaard (1853–1921), som vart ny direktør ved høgskulen. Han vart på Storhove til 1909 og bygde skulen vesentleg ut. Samstundes var han ei drivande kraft bak opprettinga av husmorskulen på Hunn ved Gjøvik.
Hirsch stod sentralt i arbeidet med å utvikle dei norske ferasane, til dømes dølafeet og raudkollene, og han var talsmann for ei sterk indre opprusting av jordbruket gjennom nydyrking, bruk av meir arbeidskraft, kraftfôr og kunstgjødsel. Han hadde ei rekkje verv i offentlege utval og kommisjonar, og han redigerte landbruksspaltene i fleire aviser. I 1894 var han med i organisasjonskomiteen som førebudde Norsk Landmandsforbund, no Norges Bondelag; han sat i styret for forbundet med nokre opphald fram til 1915 og var i tillegg medlem av ei rekkje underkomitear og utval. Han åtte og dreiv også fleire gardar i løpet av livet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.