Faktaboks

Ingeborg Refling Hagen
Ingeborg Nancy Refling Hagen
Fødd
19. desember 1895, Stange, Hedmark
Død
30. oktober 1989, Stange
Verke
Forfatter
Familie

Foreldre: Møller Hans Hagen (1862–1908) og Johanne Bakken (1861–1942).

Ugift.

Svigerinne til Eivind Groven (1901–77); tante (mors søster) til Aslaug Groven Michaelsen (1926–).

Ingeborg Refling Hagen

Maleri. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Ingeborg Refling Hagen
Av /BONO, NTB Scanpix ※.
Ingeborg Refling Hagen
Ingeborg Refling Hagen. Foto 1950.
Av /Anno Domkirkeodden.
Lisens: CC PDM

Ingeborg Refling Hagen

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Ingeborg Refling Hagen var forfattar og kulturarbeidar. Ho var ein folkekjær diktar som nådde vidt ut gjennom eit brennande engasjement for fridom, kultur og opplysing.

Ingeborg Refling Hagen var fødd på Tangen i Hedmark. Ho vaks opp i tronge kår i eit samfunn prega av skarpe klasseskilje, og ho laut sjølv tidleg ut i arbeid – som 13-åring drog ho til England og arbeidde som guvernante. Tilbake i Noreg i 1920 debuterte ho som forfattar, og ho blei raskt ein sentral person i kunstnarmiljøet Ekebergkolonien i hovudstaden. Hagen skreiv både romanar, lyrikk og noveller, og blei svært populær. Ho brukte ofte hedmarksdialekten når ho skreiv, og viste såleis veg for diktarar som Hans Børli og Alf Prøysen.

Forfattarskapen

Romanar

Hagen debuterte i 1920 med ei samling forteljingar, Naar elv skifter leie, med motiv frå det gamle Hedmark. Naturskildringar, motiv og språk viser Hagen si tilknyting til Hedmark. Forfattarskapen hennar skiftar mellom realisme og ein lyrisk, religiøst prega romantikk, med sterke innslag av mytar, segn og eventyr.

Lyrikk

Gjennombrotet som lyrikar kom med Jeg vil hem att (1932), følgt av ei rekkje diktsamlingar. Serien Livsfrisen (Vi må greie oss selv (1948), Jeg vil lete og banke (1949), Den første morgentimen (1950), Jeg så det (1953), Spekulanter (1975) og Min venn, jeg drømte det jo bare (1977)) er sjølvbiografiske. Det same er samlinga Eventyr og historier I–IV (1967–1970).

Utenfor balkongen (1936) er ei reiseskildring frå Italia. I 1958 kom den Wergeland-inspirerte boka Inatt red'n Henrik forbi. Eit utval frå dei mange diktsamlingane hennar kom ut i 1985 tittelen Livet svikter ikke livet.

Barnebøker

Hagen skreiv også barnebøker. I fleire av dei har ho brukt sjølvbiografisk stoff, mellom anna i De unge (1979), Gnister i mørket (1980) og Løftet må holdes (1981).

Fridomskamp

Hagen åtvara tidleg mot fascismen, og under den spanske borgarkrigen engasjerte ho seg for å støtte den spanske regjeringa mot general Franco og den fascistiske Falangen. I mellomkrigstida arbeidde ho med å skape interesse for Henrik Wergeland si dikting, som ho oppfatta som vaksine mot nazismen. Under andre verdskrigen var ho med i illegalt motstandsarbeid. Ho blei arrestert og torturert av Gestapo, og overlevde så vidt krigen.

Suttungrørsla

Etter krigen vidareførte ho engasjementet sitt i den såkalla Suttungrørsla, med litteraturformidling særleg retta mot barn og unge. Barndomsheimen Fredheim på Tangen blei etter kvart eit senter for dette arbeidet, som resulterte i omfattande kulturell knoppskyting, mellom anna med Suttungteatret, Suttung forlag og Suttungkoret.

Spesielt Henrik Wergeland og Hans Kinck blei sentrale i formidlinga gjennom Suttungrørsla, blant anna med framføring av Wergelands og Kincks dramatikk på Suttungteatret. Hagen publiserte også ei rekkje bøker og skrifter knytt til arbeidet i Suttungrørsla.

Karin Sveen, som sjølv brukte ein del av ungdomstida si på Tangen, gav i 1991 ut romanen Hannas hus (1991), der Suttungrørsla blir stilt i eit kritisk lys. Skildringane hennar av strenge rammer og autoritetsdyrking i eit sekterisk miljø vekte oppsikt og debatt.

Prisar

Hagen har fått ei rekkje prisar, og i 1967 blei ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for verksemda si. I 1975 blei ho tildelt Norsk kulturråds ærespris. Hagen fekk Statens kunstnarløn fra 1936.

Utgivingar

Romanar

  • Naar elv skifter leie (1920)
  • Svartsnær (1921)
  • Loke saar havre (1922)
  • Ugild (1923)
  • Valvarsel (1924)
  • Glaam (1925)
  • Marihand (1926)
  • Brudgommen (1927)
  • Fostersverdet (1928)
  • Tidehvervsklokken (1929)
  • I skreddertimen (1930)
  • Har du hørt det? (1931)
  • Livets dans (1936)
  • Videre skrev hun trilogien
  • Tre døgn på storskogen, trilogi med bøkene Kjørekaren (1937), Sognebudet (1938) og Den nye læreren (1939)

Lyrikk

  • Jeg vil hem att (1932)
  • Lørdagskveld (1933)
  • Jeg har møtt en engel (1934)
  • Hvor kom vi fra? (1935)
  • Utenfor balkongen (1936)
  • Annendagsfesten (1938)
  • Elva flyt så stille under Bakkelandet (1954)
  • Kongen farer forbi Tangen (1956)
  • Inatt red'n Henrik forbi (1958)
  • Livsfrisen, serie: Vi må greie oss selv (1948), Jeg vil lete og banke (1949), Den første morgentimen (1950), Jeg så det (1953), Spekulanter (1975) og Min venn, jeg drømte det jo bare (1977)
  • Livet svikter ikke livet (1960)
  • Jeg foretrekker lyset (1962)
  • Ellisiv og Harald Hardråde (1966)
  • Eventyr og historier I–IV (1967–1970)
  • Livet svikter ikke livet (1985), samling med tidlegare utgitte dikt

Barnebøker

  • Himmerikes hellesten (1935)
  • Også vi når det blir krevet (1967)
  • Ga du alt (1969). Jesabels latter (1973)
  • Når du går til kvinnen så glem ikke pisken (1975)
  • De unge (1979)
  • Gnister i mørket (1980)
  • Løftet må holdes (1981)

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Birkeland, Tone m.fl.: Norsk barnelitteraturhistorie, 1997, isbn 82-521-4381-4
  • Gundersen, Svein, red.: «Av skalden fikk vi landet»: festskrift til Ingeborg Refling Hagen [...], 1980, isbn 82-7066-212-7
  • Hagemann, Sonja: Barnelitteratur i Norge 1914-1970, 1974, isbn 82-03-06186-9
  • «Ingeborg Refling Hagen og Suttungrørsla – portrett av eit miljø» i Norsk årbok for barne- og ungdomslitteratur, 1980, 104-54 (fem artikler av Dagne Groven Myhren m.fl.)
  • Kraugerud, Alfhild: Dikteriske virkemidler hos Ingeborg Refling Hagen, 1951
  • Lappegård, Siri, red.: Ingeborg Refling Hagen – uklar myte eller bevisst pedagog?, 1995, isbn 82-7518-051-1
  • Steen, Gunnar A., red.: «Eventyrets landeveier»: foredrag fra Ingeborg-dagene 1995, 2000, isbn 82-7066-334-4
  • Wergeland, Ingrid Elise: Slik som kjærlighet vekker deg: en bok om Ingeborg Refling Hagen, 1995, isbn 82-03-26114-0
  • Ystad, Vigdis: «En kvinnelig Promethevs» i Engelstad, Irene m.fl., red.: Norsk kvinnelitteraturhistorie, b. 3, 1990, 78-84, isbn 82-7350-389-5
  • Ystad, Vigdis: «Ingeborg Refling Hagen som modernist og ekspresjonist» i NLÅ 1995, 134-50

Faktaboks

Ingeborg Refling Hagen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01037054005721

Kommentarar (1)

skreiv Karen Høie

Bare en tilleggsopplysning til anbefalt litteratur: en artikkel av Svein Gundersen, eget opptrykk utgitt i forbindelsen med sommerutsutillingen på Aulestad i 2001:Ingeborg Refling Hagen en dikter - et århundreen biografisk skisse av Svein Gundersen eget opptrykkAulestad 2001

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg