Hans B. Skaset er ein norsk idrettsleiar og offentleg tenestemann. Skaset var professor ved Noregs idrettshøgskole i 1975–1991 og ekspedisjonssjef i Idrettsavdelinga i Kulturdepartementet i 1991–2000. Han var formann i Noregs Fri-idrettsforbund i 1976–1983 og i Noregs idrettsforbund i 1984–1990.
Som idrettsutøvar vann han NM-gull i femkamp i 1961 og 1963 og i tikamp i 1960. Skaset sette norske rekordar i begge greiner. Han var forbundstrenar i friidrett i 1958–1964. Klubb: SK Freidig, Trondheim.
Som idrettsleiar la Skaset stor vekt på breiddeidrett, men arbeidde òg for toppidretten ved å opprette Prosjekt 88, som blei vidareført i Olympiatoppen og Toppidrettssenteret. Han var ein føregangsmann i anti-dopingarbeidet både i Noreg og internasjonalt. Som ekspedisjonssjef la han i 1992 fram den første stortingsmeldinga om idrett i Noreg.
Skaset blei utdanna ved Statens gymnastikkskule, Sagene lærarskule og Universitetet i Oslo.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.