Faktaboks

Halvor J. Sandsdalen

Halvor Johannesson Sandsdalen

Fødd
12. januar 1911, Seljord, Vestfold og Telemark fylke
Død
9. juli 1998, Seljord, Vestfold og Telemark fylke
Verke
Forfattar og gardbrukar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Johannes T. Sandsdalen (1848–1941) og Hæge Vetlesdotter Kjøta (1874–1956).

Gift 4.4.1938 med forfattar Ingebjørg Kasin (1915–2003; sjå Ingebjørg Kasin Sandsdalen).

Gruppebilete Sandsdalen og Grøstad
Ekteparet Halvor J. Sandsdalen (i midten) og Ingebjørg Kasin Sandsdalen og brørne Erlend (til venstre) og Terje Grøstad (til høgre), fotografert på 1990-talet. I 1996 vart alle fire tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Dei to førstnemnte for sitt litterære arbeid, dei to andre for sitt arbeid med biletkunst i Telemark.
Av /Vest-Telemark Museum.
Lisens: CC BY ND 4.0

Halvor J. Sandsdalen var ein norsk forfattar, journalist og gardbrukar som skreiv dikt, skodespel, romanar, folkeminne og barnebøker. Sandsdalen var dyslektikar og måtte kjempe hardt for skrivekunsten.

Halvor J. Sandsdalen var fødd i Seljord i Telemark. Han var nummer 17 i ein søskenflokk på 20. I 1931 gjekk han ved Søve jordbruksskule på Ulefoss, og så seint som i 1937 gjekk han ungdomsskulen på Gvarv. Sandsdalen var gift med Ingebjørg Kasin Sandsdalen og var broren til Andreas J. Sandsdalen.

Som ung tok Sandsdalen arbeid på ulike gardsbruk. I 1937 tok han over drifta av farsgarden, og i åra 1946–1952 var han bibliotekar i Seljord. Frå 1945 var han deltidsjournalist i Telemark Arbeiderblad. Åra 1958–1980 var han redaktør i Telemark Tidend, eit vedlegg i avisa Varden. Folkeminnesamling var ein viktig del av Sandsdalen si journalistiske verksemd.

I 1945 gav Sandsdalen ut diktsamlinga Det syng i skog og li på eige forlag. Sidan gav han ut mange diktsamlingar. Naturskildringar og folkeminnetema kjenneteiknar diktinga hans, ofte med ein underfundig humor, men stundom også med politiske undertonar. Dei tidlege samlingane var i bunden form, men med åra vart dikta friare i forma.

Innimellom diktsamlingane og journalistgjerninga skreiv Sandsdalen barnebøker etter lokale forteljetradisjonar, men også fleire folkeminnebøker, nokre skodespel og ein sjølvbiografisk roman (Ein grøn stein, 1969). Fleire av skodespela har vore framførte på Seljordspelet. Dikta har inspirert fleire musikarar til tonesetjing, mellom andre Geirr Lystrup, Ivar Medaas og Sigmund Groven.

Sandsdalen fekk Norsk kulturråds lesarpris i 1969, Telemark fylkes kulturpris i 1979 og Kongens fortenestemedalje i gull i 1996. Han fekk kunstnarløn frå Seljord kommune frå 1979.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Ikkje berre sol. Festskrift til Halvor J. Sandsdalen 1911–1981, Seljord 1981

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg