Fyrste og siste utgåve av avisa
Fyrste og siste utgåve av avisa
Av .
Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979.

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979. Styreformann Olav Toft, redaktør Per Håland og disponent Sigurd Hille.

Gula Tidendes 75-årsjubileum i desember 1979.
Av /Arkivet etter Morgenavisen A/S, Bergen Byarkiv.

Opplagstall for Gula Tidend, 1986-1995

1986 5594
1988 3849
1990 4111
1991 4140
1992 3702
1993 3294
1994 3344
1995 2733
Kilde: medienorge.uib.no

Gula Tidend var ei avis som vart starta i 1904. Avisa samla målfolk på Vestlandet, men vart utkonkurrert av nye lokalaviser i 1970-åra.

Dei første åra

Det første nummeret av Gula Tidend kom 3. desember 1904. Det hadde i fleire år vore arbeidd med å lage ei landsmålsavis i Bergen. På ruinane av landsmålsavisa Vestlandet som kun varte i eitt år (1902-1903), bygde den røynde redaktøren Johannes Lavik opp Gula Tidend.

Fram mot 1920-åra var avisa eit viktig samlingspunkt for målfolk i vest. Gula-miljøet starta både nynorsk leksikon, journalistskule og brevskule.

Pengar til å drive avisa kom frå investorar og målrørsla. Bondeungdomslaget i Bergen overførte store summar til avisa i årevis. I 1912 kjøpte investor Cornelius Berg Bugge heile aksjeselskapet og gjorde Gula Tidend til dagsavis. Frå 1914 til 1940 kom avisa ut kvar dag.

Krigsåra

Gula Tidend var ei av få aviser som frivillig la ned drifta etter den tyske okkupasjonen. Allereie 10. april stoppa redaksjonen verksemda inntil avisa kunne være fri, med grunngjevinga: «Det vert nok av tyske blad i Bergen, um ikkje Gula Tidend kjem millom dei». I løpet av krigen mista avisa to av sine medarbeidarar i tysk fangenskap.

Etterkrigstida

Avisa starta opp igjen først i 1948. Då skipa Gula-miljøet sitt eige prenteverk, Boktrykk og Norsk skjemaforlag. Det dei ikkje greidde, var å gjere Gula Tidend til dagsavis igjen.

Den mest profilerte redaktøren i Gula Tidend var Per Håland som redigerte avisa frå 1954-79. Håland kom frå Verdens Gang og tok med seg erfaring derfrå til lokalavisa på Vestlandet. På kort tid fekk han kallenamnet Gula-Per, kjend for å være glad i motstand, skarp i replikken og respektlaus i omtale av maktutøving. Sjølv om Håland ikkje hadde teaterfagleg bakgrunn, drog han til Oslo og melde alle premierane på Det Norske Teatret i dei 25 åra han var redaktør. Dette gjorde at informasjon om teater vart allment kjend sjølv på stadar der Riksteatret aldri spelte. Håland var òg ein av initiativtakarane til det som etter kvart vart Hordaland Teater i Bergen.

Konkurranse på 80- og 90-talet

Mot slutten av 70-talet var opplaget kring 7000 eksemplar. I denne perioden kom det mange nye lokalaviser på Vestlandet, og dei tok kvar sine bitar av Gula-marknaden. På 1980-talet prøvde avisa seg med ei eiga utgåve for nabokommunane til Bergen, Vest-Gula, men dette var ikkje vellukka. Når Bergen kommune skar ned på annonsane gjekk det raskt nedover med avisa. Mot slutten var det under 3000 tingarar og siste nummer kom ut i 1995.

Fleire av dei som jobba i Gula Tidend under Håland utmerkte seg i ettertid. Bland dei er forfattar og dramatikar Jon Fosse, Per Ståle Lønning (tidlegare programleiar i NRK og TV2), Magni Øvrebotten (tidlegare distriktsjef i NRK Sogn og Fjordane) og Olav Kobbeltveit (tidlegare politisk redaktør i Bergens Tidende).

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Flo, Idar (2010). Norsk presses historie (1660-2010). Bind 4. Norske aviser frå A til Å. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Grepstad, Ottar (2010). Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850-2010. Oslo: Samlaget.
  • Håland, Per (redaktør, 1979). Gula tidend i 75 år
  • Ottosen, Rune, Røssland, Lars Arve & Østbye, Helge (2002). Norsk pressehistorie. Oslo: Samlaget.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg