Faktaboks

Eivind Reiten

Eivind Kristofer Reiten

Fødd
2. april 1953, Midsund
Verke
Næringslivsleiar og politikar
Familie

Foreldre: Bonde og fiskar Kristofer Reiten (1921–2018) og Kjellaug Opstad (1926–2023).

Sambuar frå 1976 og gift i 1997 med samfunnsøkonom Frøydis Odden (1954–), dotter til rektor Peder Simon Odden (1921–2019) og adjunkt Liv Maria Papas (1922–).

Eivind Reiten
Eivind Reiten
Av /Aftenposten/NTB.

Eivind Reiten er ein norsk næringslivsleiar og tidlegare politikar for Senterpartiet. Han var fiskeriminister frå 1985 til 1986, olje- og energiminister frå 1989 til 1990 og konsernsjef i Norsk Hydro frå 2001 til 2009. Han er utdanna økonom (cand.oecon.) frå Universitetet i Oslo.

Reiten blir særleg knytt til energilova, som gav Noreg ein særs liberalisert straummarknad, og dei storstilte omstillingane i dei statlege verksemdene Posten og Telenor, der Reiten var styreleiar.

Politisk karriere

Reiten voks opp i ein småbrukar- og fiskarheim på Otrøya i Midsund som den nest eldste i ein syskenflokk på seks. Han tok examen artium ved Molde gymnas i 1972. Etter fyrstegongsteneste i Kystartilleriet tok han fatt på studiar i 1973, og i 1978 tok han cand.oecon.-eksamen ved Universitetet i Oslo.

Eivind Reiten var formann i Senterungdommen frå 1979 til 1981, gruppesekretær i Senterpartiet si stortingsgruppe frå 1982 til 1983 og statssekretær i Finansdepartementet frå 1983 til 1985, før han var fiskeriminister i Kåre Willochs koalisjonsregjering frå 1985 til 1986 og olje- og energiminister i Jan P. Syses koalisjonsregjering frå 1989 til 1990.

Reiten har fortalt at han valde Senterpartiet som reaksjon på m-l-rørsla han møtte på universitetet. Likevel er det truleg at han også var familiært påverka, sidan faren var Sp-ordførar i heimkommunen. I senterungdomstida markerte Reiten seg som motstandar av vidare vasskraftutbygging, var kritisk til oljeboring nord for 62. breiddegrad, sa nei til atomvåpenopprusting og ytra seg kritisk til «vekstalliansen» av Bjartmar Gjerde, Kåre Willoch og storindustrien. Dessutan var han mot regjeringssamarbeid der Høgre var med. Dette synspunktet revurderte han og grunngav standpunktet sitt til Aftenposten få år seinare: «Etter hvert som jeg har arbeidet i det politiske miljø har jeg sett at evnen til å inngå kompromisser er nøkkelen til faktisk innflytelse. Jeg er pragmatisk. Det er mer fruktbart enn å ri kjepphester.»

Reiten blei sett på som eit stort politisk talent og omtalt som Senterpartiets «wonderboy» i 1980-åra. Mange rekna han som kronprins til leiarvervet etter Johan J. Jakobsen, men mellom anna Anne Enger Lahnsteins politiske vekst gjorde dette uaktuelt.

I statssekretærtida var Reiten med på konstruksjonen av SDØE (statens direkte økonomiske engasjement). Gjennom SDØE overtok staten ein vesentleg del av Statoils olje- og gassinntekter. Som olje- og energistatsråd dreiv Reiten igjennom energilova våren 1990 nesten utan politisk motstand. Hans autoritet var naudsynt for å få Senterpartiet med på lova og dermed få ho vedteken i Stortinget. Det er grunn til å tru at liknande politiske motiv kan ha spela ei rolle då Ap-statsrådane Kjell Opseth og Terje Moe Gustavssen henta inn Reiten som styreleiar til Posten og Telenor. Postverket hadde i 1996 blitt omgjort til særlovsselskapet Posten BA, ei aksjeselskapsliknande bedrift som skal konkurrere på ein marknad. Sp var sterkt imot omdanninga til særlovsselskap. I åra som fylgde blei mellom anna eit stort antal postkontor nedlagde til fordel for serviceskrankar i daglegvarebutikkane. Telenor blei delprivatisert og splitta opp i mange ulike forretningsområde. Endringane var politisk kontroversielle, men kunne ha blitt vanskelegare å gjennomføre med andre pådrivarar enn styreleiar og Sp-mann Reiten.

Karriere i Norsk Hydro

Eivind Reiten arbeidde i Norsk Hydro frå 1986 – først som avdelingsleiar i Hydro Agri (1986–1988), deretter divisjonsdirektør i Hydro Energi (1988–1989). Han kom attende til Hydro i 1991 (etter å ha vore statsråd) og var divisjonsdirektør for Hydro Aluminium Metall frå 1995 og konserndirektør med ansvar for aluminiumsverksemda og medlem av Hydros konsernleiing frå 1999. I 2001 etterfylgde han Egil Myklebust som Norsk Hydros konsernsjef (då kalla generaldirektør) og satt i stillinga til 2009 da han blei etterfylgt av Svein Richard Brandtzæg.

Ved kjøpet av tyske VAW (Vereinigte Aluminium-Werke Aktiengesellschaft) 2002 gjorde Reiten Hydro til ein av dei tre største aluminiumsprodusentane i verda.

Som Hydro-sjef var Reiten ein av pådrivarane bak fusjonen mellom olje- og gassverksmeda til selskapet og Statoil ASA i 2007, og han blei styreleiar i det nye StatoilHydro. Han måtte forlate stillinga etter berre fire dagar då det blei kjent at Hydro frå 1999 til 2001 var knytta til mogelege bestikkingar i samanheng med konsernet sine oljeaktivitetar i Libya. Reiten blei også kritisert etter avviklinga av Hydros aksjeopsjonsprogram i 2007, som ville gitt han ei ekstrainntekt på 28 millioner kroner. Han sa seinere frå seg delar av beløpet. Ein ny debatt fylgde om etterlønna hans då han trakk seg som konsernsjef i 2009.

Andre verv

Reiten har òg hatt mange offentlege verv, mellom anna medlem av Noregs Banks hovudstyre i 1991–1994, Forum for verdiskaping frå 1993, av «Grøn skattekommisjon» i 1994–1996, nestleiar og styreleiar for Postverket i 1995–1996, leiar i styret for Posten Norge BA i 1996–1999 og styreleiar i Telenor frå 2000 til 2001. Han var styreleiar i Norske Skog frå 2009, styreleiar i Kronprinsparets fond frå 2010 til 2018 og er frå 2017 styreleiar i Kongsberg Gruppen.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bernaas, Arnfinn: Norsk biografisk leksikon 2
  • «Formannen har ordet»-spalta, på Ungt Sentrum-sidene i Sentrum 1979–1980
  • Thue, Lars (1996): Strøm og styring; Norsk kraftliberalisme i historisk perspektiv
  • Erichsen, Eivind (1999): Glimt fra et langt liv i Finansdepartementet
  • Jakobsen, Johan J. (2000): Mot strømmen
  • Madsen, Roar (2001): Motstraums: Senterpartiets historie, bind 2

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg