Faktaboks

Administrasjonssenter
Bygland
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
1 134 (2022)
Landareal
1 150 km²
Høgaste fjell
Reinshornheii (1161 moh.)
Innbyggjarnamn
byglending
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4220 (frå 01.01.2020, tidlegare 0938)

Kommunevåpen

Kart: Bygland kommune i Agder
Bygland kommune i Agder fylke.
Kart: Bygland kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Bygland

Bygland. Byglandsfjorden med Øyni i forgrunnen.

Av /KF-arkiv ※.

Bygland er ein kommune i Agder fylke. Den omfattar midtre del av Setesdal til litt forbi Langeid i nord, og med hei- og fjelltraktene på begge sider. Bygland grensar til Åseral og Sirdal i Agder i vest, Valle i nord, Fyresdal i Telemark i nordaust, Åmli og Froland i aust og Evje og Hornnes i sør.

Bygland har som einaste kommune i tidlegare Aust-Agder hatt uendra grenser sidan det kommunale sjølvstyret vart innført i 1837.

Natur

Frå Bygland og nordover møter ein det særprega setesdalslandskapet med bratte, ofte nakne fjellsider som stuper ned frå dei omliggjande fjell- og heiområda. Berggrunnen høyrer i heile kommunen til grunnfjellet, for det meste gneis og kvartsitt, truleg danna i tidsrommet for 1100–800 millionar år sidan. I nokre område rundt nordenden av Åraksfjorden, og dessutan lengst nordvest i kommunen, nær grensa til Valle, finst det granitt. I sistnemnde område finn ein det høgaste fjellet til kommunen, Reinshornheii (1162 meter over havet).

Strukturen i gneisområda, altså i det meste av kommunen, har ei strøkretning i berggrunnen som går frå nord-sør til nordvest-søraust, noko som blir spegla i fjell- og åsrygger og vassdrag. Lausmassar finst for det meste i dei lågareliggjande områda, og særleg i hovuddalføret.

Meir enn 2/3 av arealet ligg høgare enn 600 meter over havet og dermed over skoggrensa. På fjellviddene når fleire toppar over 1000 meter over havet i vest, men ingen i aust. Skiljet mellom vestlands- og austlandsklima går gjennom kommunen. Fjellet i Bygland har vore brukt til jakt, fiske og beite frå gammalt av, og alt frå sist på 1800-talet byrja området å bli besøkt av turistar.

Byglandsfjorden med Åraksfjorden ligg sentralt i kommunen, har ei samla lengd på 34 kilometer og ligg 203 meter over havet. Elva Otra renn igjennom denne.

Kommunen har ni naturvernområde:

  • Bjoruvstøl naturreservat, skogvern, 966,5 dekar, verna i 2017
  • Staven naturreservat, skogvern, 555,6 dekar, verna i 2019
  • Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane landskapsvernområde, dyreliv- og landskapsvern, 2 331 474,6 dekar, verna i 2000
  • Underforlii naturreservat, skogvern, 1560,2 dekar, verna i 2019
  • Vestedjan naturreservat, myrvern, 260,1 dekar, verna i 1986
  • Gardefjellet naturreservat, skogvern, 17 215,7 dekar, verna i 2019
  • Årdalen naturreservat, skogvern, 21 260,3 dekar, verna i 1993
  • Kviteflogi naturreservat, skogvern, 7 018,5 dekar, verna i 2021
  • Heddeviksfjell naturreservat, skogvern, 437,7 dekar, verna i 2017

Klima

Kaldaste månad er februar med normal på −1,4 °C, og varmaste månad er juli med normal på 16,1 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 137,7 millimeter, og minst er det i april med normal på 60,1 millimeter. Målingane er gjorde ved Byglandsfjord – Neset målestasjon.

Busetjing

Folketalet i Bygland viste nedgang gjennom heile 1900-talet, med unntak av ein svak vekstperiode i 1900–1920 i kjølvatnet av bygginga av Setesdalsbanen på strekninga Kristiansand–Byglandsfjord (opna 1896), likeins på 1970-talet. I tiårsperioden 2009–2019 gjekk folketalet i Bygland tilbake med gjennomsnittleg 0,3 prosent årleg, mot ein samla vekst i alle dei fem setesdalskommunene og i Agder på høvesvis 0,2 og 1,0 prosent.

Det aller meste av busetjinga i Bygland følgjer fjorden og elva Otra ovanfor, særleg på austsida. Vest for elva bur berre ni prosent av innbyggjarane i kommunane (2019). Kommunen har to tettstader; Byglandsfjord ved sørenden av fjorden og administrasjonssenteret Bygland på austsida av Byglandsfjorden, 24 kilometer lenger nord. I desse tettstadane bur i alt 50 prosent av befolkninga i kommunen (2018).

Kart over Bygland kommune
Kart over Bygland kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Skogbruket er viktig og drivast ofte i kombinasjon med jordbruk og anna arbeid. Dei fleste gardane er små, og jordbruksarealet blir nytta i all hovudsak til grasproduksjon. Det blir halde storfe og i særleg grad sau. Industrien blir dominert av sagbruk og trevareindustri med 37 prosent av dei sysselsette i industrien i Bygland (2017), mellom anna ANS Byglandsfjord Sag. Dei to bransjane gummi-, plast- og mineralsk industri (mellom anna Bygland Plast AS) og metallvareindustri, med mellom anna smykkeproduksjon, har begge 18 prosent av industrisysselsetjinga i kommunen, medan næringsmiddelindustri har 15 prosent (2017).

Sølvsmedverksemda er synleg i turistsamanheng, og turismen utgjer ein stadig viktigare del av næringsgrunnlaget. Det er turisthotell, utleige og sal av tomter og hyttar og fleire campingplassar i kommunen. Kommunen satsar sterkt på turistutvikling på grunn av stor gjennomgangstrafikk (om lag 350 000 bilar per år), og prioriterer kulturliv og aktivitetar som er tilknytta turismen.

Bygland er ein relativt liten kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 330 gigawattimer (GWh) per 2019. Det er fem vasskraftverk i kommunen. Størst årleg middelproduksjon har Hekni kraftverk med 250 GWh (i drift frå 1995), og største fallhøgde har Hovatn med 488 meter.

Av dei busette yrkestakarane i Bygland har 44 prosent arbeider utanfor kommunen, medan 26 prosent arbeider i resten av setesdalskommunene, først og fremst Evje og Hornnes, og fem prosent i Kristiansand (2018).

Samferdsel

Gammal og ny bru på riksveg 9 ved Storestraum.
Gammal og ny bru på riksveg 9 ved Storestraum.

Riksveg 9 (Haukeligrend–Kristiansand) går nord–sør gjennom kommunen. I Evje, om lag ti kilometer sør for Byglandsfjord, sikrar fylkesveg 42 aust–vest-sambandet mellom Arendal og Egersund. Privatbilar er viktige for busetjinga i kommunen, samtidig som det blir halde oppe ein del rutesamband for både personar og gods. Det siste toget frå Byglandsfjord gjekk i 1962, og jernbanetraseen er delvis brukt til ei omfattande utbetring av riksvegen sørover til Kristiansand.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bygland høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Setesdal Regionråd saman med Bykle, Evje og Hornnes og Valle.

Bygland kommune svarer til dei to sokna Bygland og Årdal i Otredal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bygland til Sætersdalen fogderi i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bygland

For statistiske formål er Bygland kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til sammen 25 grunnkrinsar: Byglandsfjord, Grendi, Årdal Vestside, Longerak, Lauvdal, Bygland, Bygland Vestside, Jordalsbø/Lide, Skomedal, Frøysnes, Sandnes/Åraksbø, Austad Austside, Ose/Moi, Langeid/Heggland/Tveit, Årdal Vesthei, Bygland Vesthei, Skomedalsheia, Frøysnesheia, Ose/Moiheia, Langeid/Heggland/Tveitheiene, Kvinaheiene, Austad Austhei, Sandnes Austhei, Bygland Austhei og Årdal Austhei.

Historikk og kultur

D/S Bjoren går på Byglandsfjorden.
D/S Bjoren går på Byglandsfjorden.
Frå Ose.

Bygland har ein vidaregåande skule, KVS-Bygland (tidlegare Bygland Skogskole), med linjer for mellom anna naturbruk/naturbasert reiseliv, skogbruk, hesterelaterte fag og byggje- og anleggsfag.

Ved Ose i nordenden av Byglandsfjord ligg Ose Kulturverkstad, som mellom anna er hovudsete for Agder Folkemusikkarkiv med ei stor samling av musikkinstrument. Her er òg Ose Turistheim, bygd i 1900, og nytt kulturhus frå 1994. Dampbåten «Bjoren», som trafikkerte Byglandsfjorden i perioden 1867–1957, er no restaurert og sett inn i turisttrafikk. «Bjoren» står på Riksantikvarens liste over verna fartøy. Bygland Museum består av seks tømmerbygningar, blant dei ei røykstove frå omkring 1650.

Bygland kommune var i 1890 ein av dei to første kommunane som tok i bruk nynorsk som opplæringsspråk i skulen.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) har eit oppspringande gaupe i gull på grøn grunn. Gaupen symboliserer det bratte, ville og skoglendte terrenget i kommunen.

Namnet Bygland er samansett av orda 'bygg' (etter kornlaget) og 'land' og er opphavleg eit gardsnamn.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Bolling, Reidar: Gards- og ættesoge for Bygland, 1952
  • Bø, Torleiv med flere, red.: Byglands soge, 1939
  • Vollen, Reidar: Bygland gard og ætt, 2002–, seks bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg