Brattvåg er ein tettstad i Haram kommune i . Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,8 km², og har 2455 innbyggjarar (2023).
Brattvåg er administrasjonssenter i Haram kommune. Brattvåg ligg på vestsida av Samsfjorden, ein sørgåande arm av Romsdalsfjordens ytre del.
Brattvåg er eit betydeleg industrisenter på nordre Sunnmøre. Verkstadindustrien dominerer og utgjer grunnlaget i eit maritimt miljø som også omfattar andre industrigreiner og næringar gjennom leverandørar og underleverandørar. Dette miljøet omfattar ei rekke tettstader på Sunnmøre og har heile verda som marknad. Sentrale bedrifter i dette nettverket i Brattvåg er Kongsberg Maritime CM – Brattvaag og Vard AS, som også har eit verft i Søvik. Brattvåg har også tekstil- og fiskeforedlingsindustri.
I Brattvåg ligg Haram vidaregåande skule. Brattvåg kyrkje er ei soknekyrkje i mur med rektangelplan, bygd i 1977 som arbeidskyrkje/menigheitssenter.
Frå Brattvåg går det bilferge til øya Dryna i Molde kommune med samband vidare over Otrøya til Molde.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.