Faktaboks

Administrasjonssenter
Vikeså
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
2 789 (2022)
Landareal
577 km²
Høgaste fjell
Vinjakula (907 moh.)
Innbyggjarnamn
bjerkreimsbu
Målform
nynorsk

Kommunevåpen

Kart: Bjerkreim kommune i Rogaland
Bjerkreim kommune i Rogaland fylke.
Kart: Bjerkreim kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Bjerkreim kyrkje
Bjerkreim kyrkje
Bjerkreim kyrkje

Bjerkreim er ein kommune i Rogaland fylke, i nordre del av Dalane. Bjerkreim omfattar størstedelen av Bjerkreimsvassdragets nedbørfelt og strekkjer seg austover til grensa mot Agder. Mindre område heilt i vest har avløp til elvane Figgjo og Ogna.

Kommunen vart oppretta 1837 ved innføringa av det kommunale sjølvstyret og fekk dei noverande grensene sine i 1965, då Nedre Maudal vart overført til Gjesdal kommune.

Bjerkreim grensar til Gjesdal i nord, Sirdal i Agder i aust, Eigersund i sør og og Time i vest.

Natur

Ørsdalsvatnet.
Ørsdalsvatnet.

Bjerkreim er ein innlandskommune med rik og variert natur. Nord i kommunen er det fjell og dalar som dominerer. Skoglause heiområder dominerer størstedelen av kommunen. Desse når cirka 900 meter over havet på begge sider av Bjerkreimsvassdraget. Den høgste fjelltoppen er Vinjakula, 907 meter over havet i fjellområdet mot Gjesdal i nord. Det største vatnet er Ørsdalsvatnet. I dei sørlege delane finn vi lågareliggjande område, godt eigna til jordbruk.

Bjerkreimselva er rekna som ei av dei beste lakseelvane i landet og er eit av dei største vassdraga i Rogaland. Heiene har stort sett svært sparsamt med lausmassar, og landskapet har mange stadar eit nokså goldt preg, stadvis med store steinurer, til dømes i Gloppedalen med Gloppedalsura i nord. Gloppedalsura i Bjerkreim og nabokommunen Gjesdal blir rekna som den største steinura i Nord-Europa – skapt for cirka 10 000 år sidan, då isbreane smelta frå Gloppedalen.

Berggrunnen består hovudsakleg av gneis av grunnfjellsopphav med ei strøkretning nordaust–sørvest. Bjerkreimsvassdraget følgjer denne strøkretninga i størstedelen av lengda si, i den øvre delen med ei rekkje lange innsjøar. Størst er det 16,5 kilometer lange Ørsdalsvatnet.

Lausmassar av betydning finst i dalane i nedre del av vassdraget i søre del av kommunen, og her finn ein det aller meste av dyrkingsjorda og busetjinga.

Bjerkreim kommune har tre naturvernområde:

  • Foreknuten naturreservat, edellauvskog, 108 dekar, verna i 1984
  • Fotlandsvatnet, fuglefredningsområde, 1411,5 dekar, verna i 1996
  • Trollhaug naturreservat, myr, 955,2 dekar, verna i 1986

Klima

Kaldaste månad er februar, med normal på 2,2 °C, og varmaste månad er august, med normal på 15,4 °C. Målingane er frå Eigerøya målestasjon. Nedbørsstatistikk for Bjerkreim er ikkje tilgjengeleg.

Befolkning og busetjing

Busetjinga er for ein vesentleg del konsentrert til områda langs Bjerkreimsvassdraget i dei sørlege delane av kommunen. Her ligg administrasjonssenteret Vikeså ved Svelavatnet, den einaste tettstaden i kommunen (1024 innbyggjarar i 2020), og kyrkjestaden Bjerkreim med tettgrend der Oreåna (Ørsdalsåna) og Bjerkreimsåna møtest. I alt 36 prosent av befolkninga i kommunen budde i 2016 i tettstader, mot 88 prosent i Rogaland samla sett.

Folkemengda i Bjerkreim har vore aukande i det meste av tida etter andre verdskrigen. I tiårsperioden 2007—2017 var auken gjennomsnittleg 1,2 prosent årleg, mot 1,6 prosent i Rogaland samla sett.

Kart over Bjerkreim kommune
Kart over Bjerkreim kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Jordbruk er viktigaste næringsveg målt etter sysselsetjing, med 21 prosent av Bjerkreims arbeidsplassar i 2016. Industrien omfattar til samanlikning 16 prosent av arbeidsplassane, 29 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon.

Husdyrhald, i særleg grad sauehald, er viktigaste driftsform i jordbruket. Bjerkreim har etter Oppdal det største talet sauer av kommunane i landet, med 18 114 sauer i 2016. Sauene utnyttar dei store heiområdene både i Bjerkreim og i Sirdalsheiene og Setesdalsheiene lenger aust. Det er òg eit betydeleg storfehald på gardane i kommunen. Bjerkreim er saman med Gjesdal dei einaste kommunane i Rogaland med geitehald.

Viktigaste industribransje etter sysselsetjing er produksjon og installasjon av maskiner og utstyr, med 57 prosent av sysselsetjinga i industrien (2015). Samla hadde verkstadsindustrien dette året 61 prosent. Andre viktige industribransjar i kommunen er trelast- og trevareindustri og gummi-, plast- og mineralsk industri, med høvesvis 20 og 15 prosent av sysselsetjinga i industrien (2015).

Bjerkreim har ein relativt beskjeden vasskraftproduksjon med ei samla maksimal yting på 6,5 MW og ein mellomliggjande årsproduksjon på 29 gigawattimar (GWh) fordelt på seks kraftverk (2016). Heiene mellom dei mange dalane i Bjerkreim når opp til vel 900 meter over havet, og med rikeleg nedbør og mange småvatn gir det potensialet for atskilleg kraftproduksjon. Allereie i 1930 stod Maudal kraftverk i Gjesdal i øvre del av Bjerkreimsvassdraget ferdig. Den beskjedne produksjonen må sjåast i lys av at vassdragets nedre del er verna (2004), men som ein del av verneforslaget er det opna for utbygging av kraftverk mindre enn 3 MW maksimal yting.

Kommunen har fleire store vindparkar. Bjerkreim vindkraftverk omfattar tre anlegg som grensar til kvarandre: Skinansfjellet, Eikeland-Steinsland og Gravdal. Total effekt er 294 MW og årsproduksjon 1000 GWh. Vindparken starta produksjon i 2019-2020. Måkaknuten vindkraftverk ved Søyland har total effekt 94,6 MW og årsproduksjon 330 GWh. Produksjonen starta i 2020. Stigafjellet vindkraftverk har total effekt 30,1 MW og årsproduksjon 117 GWh. Produksjonen starta i 2020.

Av dei busette yrkestakarane i kommunen har 47 prosent arbeid utanfor kommunen, derav 15 prosent i Stavanger-området (Stavanger, Sandnes, Randaberg og Sola), 14 prosent i Egersund og i alt 13 prosent i dei fire jærkommunene , Time, Klepp og Gjesdal.

Samferdsel

Gjennom vestre del av Bjerkreim går E39 til Stavanger og Kristiansand. Frå Vikeså fører fylkesveg 503 frå E39 mot nordaust på nordsida av Vinjakula (907 moh.) og opp gjennom Gloppedalsura, ei av dei største største steinurene i Skandinavia, til Byrkjedal i Gjesdal ved fylkesveg 45 Ålgård–Sirdal. Frå Bue på E39 tek fylkesveg 504 av vestover til fylkesveg 44 på Varhaug.

Det er båttrafikk på Ørsdalsvatnet søndagar om sommaren. Tidlegare var busetjinga i Ørsdalen avhengig av båtsamband med resten av kommunen. Etter opning av vegsambandet frå Malmheim på fylkesveg 503 over fjellet til Ørsdalen vart båtsambandet nedlagt i 1983.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Bjerkreim

Bjerkreimselva med kyrkjestaden Bjerkreim. Bjerkreim kyrkje (frå 1835) sest litt til venstre i biletet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Bjerkreim høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Regionråd Dalane saman med Eigersund, Lund og Sokndal.

Bjerkreim kommune svarer til soknet Bjerkreim i Dalane prosti (Stavanger bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Bjerkreim til Jæderen og Dalerne fogderi i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Bjerkreim

For statistiske formål er Bjerkreim kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman elleve grunnkrinsar: Tengesdal, Apeland/Holmen, Bjerkreim, Ørsdalen, Espeland, Eikeland, Birkeland, Røysland, Vikeså 1, Vikeså 2 og Ognedal.

Historikk og kultur

Storsheia fornminnefelt.
Storsheia fornminnefelt.
FN-Parken Bjerkreim.
FN-Parken Bjerkreim.

På Storrsheia like nord for Vikeså finst eit fullstendig gardsanlegg frå jernalderen, eit av dei største i landet frå denne tida. Også andre stader i kommunen er det registrert gardsanlegg frå jernalderen. Det er alpinsenter på Stavtjørn i Ørsdalen.

Det var gruvedrift på sørsida av Ørsdalen i fleire periodar frå rundt 1900 og fram til 1953. Den vart starta som molybdengruve, men wolfram kom snart til å bli det heilt dominerande produktet.

Bjerkreim kyrkje er ei langkyrkje i tre, oppført i 1835 og restaurert til 150-årsjubileumet i 1985. Det finst kapell i Ivesdal og i Ørsdalen.

FN-parken på Vikeså ved E39 er eit minnesmerke over soldatar frå Rogaland som har falle i teneste for FN.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) er inspirert av kommunenamnet og har eit opprett bjørkekvist med sju blad og fire raklar i sølv mot ein grøn bakgrunn.

Namnet Bjerkreim kjem av norrønt Bjarkreimr (eldre form Bjarkareimr), der førsteleddet er genitiv eintal av norrønt bjǫrk, trenamnet ‘bjørk'. Sisteleddet er heim.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Austrumdal, Sem (1932): Bjerkreim (þenxardalr): skipreida, herad og kyrkjesogn.
  • Risa, Lisabet: Bjerkreimboka, 1997–2002, fire bind.
  • Skjæveland, Jørgen (1981): Gamalt fraa Bjerkreim.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg