Faktaboks

Administrasjonssenter
Birkeland
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Aust-Agder)
Innbyggjartal
5 342 (2022)
Landareal
596 km²
Høgaste fjell
Storemyrknuten (531 moh.)
Innbyggjarnamn
birkenesing
Målform
nøytral
Kommunenummer
4216 (frå 01.01.2020, tidlegare 0928)

Kommunevåpen

Kart: Birkenes kommune i Agder
Birkenes kommune i Agder fylke.
Kart: Birkenes kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Birkenes er ein kommune i Agder fylke. Kommunen omfattar nedre del av Tovdalsvassdraget med Herefossfjorden, dessutan skogsområda herfrå vestover til sjøane Storefjord og Ogge.

Kommunen omfattar Vegusdal i nord og grensar der til Froland og Evje og Hornnes. I aust grensar Birkenes til Froland, i søraust til Grimstad og Lillesand, i sør til Kristiansand og i vest til Vennesla og Iveland.

Birkenes blei oppretta som kommune i 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Frå kommunen blei Landvik skilt ut i 1883, denne utgjer i dag ein del av Grimstad kommune. Dei noverande grensene fekk Birkenes i 1967, då den dåverande kommunen blei slått saman med Herefoss og Vegusdal.

Natur

Tovdalselva.
Tovdalselva.
Oggevatn.
Oggevatn.

Berggrunnen høyrer til grunnfjellet. Landskapet er prega av kuperte, skogkledde heiar med barskog og mange slags lauvtre. Dei nedre delane av kommunen har store sand- og grusavsetningar (morenar) i terrassar langs elva. Restar av endemorenen frå istida, det såkalla Ra-trinnet, er godt synleg i Birkenes. Over halvparten av arealet i Birkenes ligg 150–300 meter over havet (meter over havet). Høgast når Stormyrknuten nær grensa til Evje og Hornnes i nord (531 meter over havet).

Tovdalselva, som renn nordaust–sørvest gjennom den søraustre delen av Birkenes, kjem frå grensetraktene mellom Fyresdal i Telemark fylke og Valle i Setesdal, og munnar ut i Topdalsfjorden nær Kjevik lufthamn, aust for Kristiansand. Elva renn med ei søraustleg hovudretning i det øvre løpet (gjennom Bygland, Åmli og Froland) før ho dreier mot sørvest, ei retning ho har gjennom Birkenes og heilt til munningen. Spørsmålet om utbygging eller vern av Tovdalsvassdraget førte på 1970-talet til sterkt lokalt engasjement. Dei øvre delane av vassdraget er no verna.

Kommunen har elleve naturvernområde:

  • Berse naturreservat, våtmark, 394,0 dekar, verna i 1982
  • Bjorvannsheia naturreservat, skog, 405,6 dekar, verna i 2019
  • Eldhusliane naturreservat, skog, 403,1 dekar, verna i 2019
  • Grøneliane naturreservat, skog, 1542,7 dekar, verna i 2020
  • Langbergsheia og Mannfallknuten naturreservat, skog, 3377,4 dekar, verna i 2015
  • Mørkeli naturreservat, skog, 488,3 dekar, verna i 2013
  • Porsmyr naturreservat, myr, 168,8 dekar, verna i 1986
  • Risdalen naturreservat, skog, 496,9 dekar, verna i 2005
  • Rislåknuten naturreservat, skog, 1389,7 dekar, verna i 2015
  • Vågsdalsliane naturreservat, skog, 4150,3 dekar, verna i 2014
  • Øygardsmarka og Brattefossheia naturreservat, skog, 5620,2 dekar, verna i 2019

Klima

Dei kaldaste månadene er januar og februar med normal på 0,1 °C, og den varmaste månaden er juli med normal på 16,9 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 176,1 millimeter, og minst er det i april med normal på 67,6 millimeter. Målingane er gjorde ved Landvik målestasjon.

Busetjing

Birkenes

Birkenes. Kommunesenteret Birkeland. Bildet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.

I 1900 var folketalet i Birkenes rundt 3200 personar (etter dagens grenser). Det minka langsamt fram mot 1970, då det var på 2966, før folketalet auka i kjølvatnet av industrivekst. Folketalet passerte 4000 på slutten av 1980-talet og hadde auka til 5342 i 2023. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet i Birkenes med gjennomsnittleg 1,1 prosent årleg, mot 0,9 prosent i Agder fylke samla sett.

Busetjinga følgjer i vesentleg grad Tovdalsvassdraget og er tettast omkring den einaste tettstaden i kommunen, administrasjonssenteret Birkeland. I alt bur 56 prosent av innbyggjarane i kommunen i tettstader (2019).

88 prosent av innbyggjarane i kommunen bur i den søre delen, den tidlegare Birkenes kommune, og tolv prosent i den nordre delen, tidlegare Herefoss og Vegusdal (2019). I den nordre delen av kommunen er det mindre tettgrender på Herefoss (Herefoss kyrkjestad og jernbanestasjon) og på Engesland (Vegusdal kyrkjestad).

Kart over Birkenes kommune
Kart over Birkenes kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Med eit skogareal på 81 prosent av totalarealet i kommunen er Birkenes ei av dei viktigaste skogbygdene i fylket. I 2021 hadde kommunen ei avverking på nesten 58 000 kubikkmeter; etter Lindesnes var dette den største skogavverkinga blant kommunane i Agder.

Det blir elles drive mykje jordbruk i kommunen, og Birkenes har etter Grimstad og Arendal det største jordbruksarealet blant kommunane i tidlegare Aust-Agder. Jordbruket er, som elles i Agder, dominert av husdyrhald, særleg storfe og sau. Det er også noko hønsehald. Vekta på husdyrhald viser igjen i at heile 91 prosent av den dyrka jorda i Birkenes er eng til slått og beite (2019).

Det er 2471 yrkesaktive personar i kommunen (2020). Berre vel tre prosent av desse jobbar i primærnæringane. I sekundærnæringane jobbar ca. 31,5 prosent. I tertiærnæringane jobbar cirka 65 prosent av dei yrkesaktive. Kommunen har ein stor industri, og dei viktigaste industribransjane etter sysselsetjing er gummi-, plast- og mineralsk industri med hjørnesteinsbedrifta 3B-Fibreglass Norway AS, trelast-/trevareindustri med Uldal AS, Foss Fabrikker AS og Scanflex A/S, og verkstadindustri, først og fremst i form av maskinindustri. Det meste av industrien finst i Birkeland. Her er det også ei rekkje bedrifter innan tenesteytande verksemd.

Birkenes er ein liten kraftkommune med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 127 gigawattimar (GWh) per 2019. Det er tre kraftverk i kommunen, og den største fallhøgda er 70 meter. Kraftverket med høgast gjennomsnittleg årsproduksjon er Hanefoss kraftverk (i drift frå 1960).

Nærleiken til den allsidige arbeidsmarknaden i Kristiansand-regionen har hatt mykje å seie for folketalsutviklinga i kommunen. I 2019 hadde 54 prosent av dei yrkesaktive som er busette i Birkenes, arbeid utanfor kommunen. Utpendlarane fordelte seg med 29 prosent i Kristiansand-området (etter dagens grenser og inkludert Vennesla), ti prosent i Lillesand, seks prosent til saman i Arendal og Grimstad, og i alt fire prosent på resten av Agder.

Samferdsel

Rasteplass langs riksveg 41 ved Tovdalselva.
Rasteplass langs riksveg 41 ved Tovdalselva.

Sørlandsbanen går gjennom kommunen, men stasjonane Herefoss, Fidjetun og Oggevatn har sidan 1989 ikkje lenger persontrafikk.

Riksveg 41 frå Kristiansand til E134 i Kviteseid går gjennom heile kommunen frå sørvest til nordaust. Fylkesveg 42 (ArendalEgersund) passerer kommunen lengst nord frå Froland til Evje og Hornnes. Frå fylkesveg 41 i Birkeland går fylkesveg 402 til Lillesand og gir godt vegsamband til landsdelssenteret og nabokommunane ved kysten. Frå Mosby i Kristiansand fører fylkesveg 405 nordaustover via Vennesla til fylkesveg 42 i Vegusdal.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Folkehøgskolen Sørlandet ligg på Birkeland.

Birkenes høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Region Kristiansand saman med Iveland, Kristiansand, Lillesand, Lindesnes og Vennesla.

Birkenes kommune svarer til dei tre sokna Birkenes, Herefoss og Vegusdal i Vest-Nedenes prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Birkenes til Nedenes fogderi (futedømme) i Nedenes amt.

Delområde og grunnkrinsar i Birkenes

For statistiske formål er Birkenes kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 21 grunnkrinsar:

  • Birkenes: Svaland, Åbel, Mollestad, Tveite, Birkeland sør, Nordåsen 2, Birkeland sentrum, Rørhommer, Birkeland nord, Nordåsen 3, Tømmeråsen, Holte, Mosfjell
  • Herefoss - Vegusdal: Søre Herefoss, Herefoss, Væting, Vegusdal, Sundstøl, Skreros, Dovland, Vegusdal nord

Historikk og kultur

Monument over Lillesand–Flaksvandbanen i Birkeland.
Monument over Lillesand–Flaksvandbanen i Birkeland.
Myhre Torvstrøfabrikk.
Myhre Torvstrøfabrikk.

Frå 1896 til 1953 var det drift på den private smalspora jernbanen frå Flaksvannet til Lillesand. Denne jernbanen blei etablert for å transportere tømmer- og trelast og førte berre i lita grad passasjerar. Fylkesveg 402 følgjer omtrent den gamle traseen.

Eit torvstrømuseum, det einaste i landet i sitt slag, ligg i ein nedlagd torvstrøfabrikk aust for Birkeland. Mollestadeika sør for Birkeland er cirka 1000 år gammal. Birkenes kyrkje er ei krosskyrkje i tre frå 1858, det same er Vegusdal kyrkje frå 1867. Herefoss kyrkje, ei trekyrkje frå 1864, har åttekanta plan og altertavle frå 1600-talet.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1986) har ein oppveksande bjørkekvist i sølv med tre blad mot ein grøn bakgrunn. Motivet viser til kommunenamnet og på sjølve fargane til bjørketreet. Botnfargen skal symbolisere jordbruket i kommunen.

Namnet til kommunen er opphavleg eit gardsnamn som er danna av norrønt Birki, 'bjørkeskog'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Engesland, Unni Setane & Helene Setane: Vegusdal kultursoge, 2002, isbn 82-996444-0-2
  • Herefoss, Hans og Andreas Holm: Herefoss bygdesoge, 1981–1988, tre bind
  • Setane, Paul med fleire: Vegusdal: gards- og ættesoge, 1995
  • Tveite, Johan og Kristian Dolven: Birkenes, 1969–1975, tre bind

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg