Faktaboks

Aslak Brekke
Fødd
6. oktober 1901, Vinje, Telemark
Død
13. februar 1978, Vinje, Telemark
Familie

Foreldre: Johannes Johannesson og Ingebjørg Hylland

Gift 1937 med Bertha Fardal

Aslak Brekke
.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Aslak Brekke var ein norsk visesongar og kvedar i visetradisjonen etter faren Johans Brekke og Tarkjel Øygarden. Han hadde eit sikkert øyre for den særmerkte tonaliteten i folkevisene, og hadde eit rytmisk driv som gjorde han kjent og populær landet rundt. Han opptredde ofte i radio og fjernsyn, og gjorde talrike innspelingar på lydband for NRK, Norsk folkemusikksamling, Universitetet i Oslo og Rådet for folkemusikk og folkedans.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ekgren, Jacqueline Pattison: "Musical tradition in the repertoire of folk singer ("kvedar") Aslak Brekke" i Studia musicologica norvegica 9 (1983), side 43-72
  • Ekgren, Jacqueline Pattison og Dagne Groven Myhren: Aslak Brekke og visune hans, 1983, isbn 82-03-11268-4
  • Myhren, Dagne Groven: "Den va god te å kveda" i Årbok for norsk folkemusikk 11 (2002), side 36-53

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg