Ь (majuskel), ь (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.

Faktaboks

Også kjend som

nynorsk: mjukt teikn

bokmål: bløtt tegn

belarusisk: мяккі знак (mjákki znak) ‘mjukt teikn’

bulgarsk: ер малък (er málăk) ‘liten jer’

russisk: мягкий знак (mjágkij znak) ‘mjukt teikn’

ukrainsk: м'який знак (m'jakýj znak) ‘mjukt teikn’

gamalslavisk: ѥрь (jerĭ)

ерь (jer, jerĭ)

Dei kursive formene er Ь, ь.

Ь, ь står ikkje for ein spesifikk lyd, men viser at konsonanten før teiknet er palatalisert.

Ь, ь vert ikkje til vanleg transkribert i norsk og andre språk skrivne med det latinske alfabetet. Somme system transkriberer teiknet med apostrof (ʼ eller ').

Opphavleg stod ь for den korte vokalen /ĭ/ i gamalslavisk. Seinare forsvann /ĭ/, men det førde til at konsonanten framføre vart ståande att som palatalisert.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg