Ч (majuskel), ч (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.

Faktaboks

Også kjend som

tsje, che, če

чрьвь (črĭvĭ, tsjrĭvĭ) ‘makk’

Dei kursive formene er Ч, ч.

Ч, ч vert transkribert til latinske bokstavar som tsj i norsk, tj i svensk og dansk, ch i engelsk, tch i fransk, tsch i tysk, č i vitskapleg (ISO 9) transkripsjon.

Ч, ч, Ч, ч må ikkje forbytast med den kyrilliske bokstaven У, у, У, у.

Døme: Чорнобиль ‘Tsj ornobyl(forlaten by i Ukraina), ‘Tsjekhov’ (Anton P. Tsjekhov, russisk forfattar), Камчатка ‘Kam tsj atka’ (halvøy i Russland).

Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:

språk rekkjefylgd
belarusisk 26.
bulgarsk 24.
makedonsk 29.
russisk 25.
serbisk 28.
ukrainsk 28.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg