С (majuskel), с (minuskel) er ein bokstav i det kyrilliske alfabetet.

Dei kursive formene er С, с.

С, с er grafisk identisk med den latinske bokstaven C, c og vert transkribert som s i norsk og andre språk skrivne med det latinske alfabetet.

С, с har opphavet sitt i den greske bokstaven Ϲ, ϲ (måneforma sigma eller månesigma), som var den mest utbreidde varianten av sigma (Σ, σ/ς) i seinantikken og tidleg mellomalder. Trass i den grafiske likskapen har kyrilliske С, с og månesigma ingen historisk samanheng med den latinske bokstaven C, c, som derimot stammar frå den greske bokstaven Γ (gamma).

Rekkjefylgda i ulike kyrilliske alfabet:

språk rekkjefylgd
belarusisk 19.
bulgarsk 18.
makedonsk 22.
russisk 19.
serbisk 21.
ukrainsk 22.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg