Øyresko er ein open, låg sko med pynt på tåa av to strimlar eller reimer av lær (øyrer) som kryssar einannan i ei spenne.

Faktaboks

Også kjend som
bjoreskor (Hardanger, Voss), ørsko (Solør), øresko

I Hordaland kjem delar av hælkappa fram over rista på båe sider og blir feste saman med spenne eller reim.

I Telemark har skoa ein påsydd lapp på kvar side av rista, med maljehol og snøring eller spenne framme.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Bjørn Sverre Hol Haugen (red.): Norsk bunadleksikon, 2006
  • Sigurd Bretteville-Jensen: Studieplan i bunadkunnskap, 1979
  • Amund B. Larsen jr: Notater i Norsk Folkeminnesamling, UiO

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg