Øynordisk og skandinavisk

Det er vanleg å dele inn dei nordiske språka i øynordisk (islandsk og færøysk) og skandinavisk (norsk, svensk, dansk).

Øynordisk og skandinavisk
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Øynordisk er ei underinndeling av nordiske språk som omfattar islandsk og færøysk. Dei andre nordiske språka blir kalla fastlandsnordisk eller skandinavisk.

Dei nordiske språka har tradisjonelt vore inndelte i autnordiske og vestnordiske språk. Denne inndelinga er språkhistorisk motivert, mens tanken bak inndelinga i skandinaviske og øynordiske språk er gjensidig forståing.

I det store og det heile går gjensidig forståing greitt for norsk, svensk og dansk, men for islendingar og færøyingar gjeld dette berre skriftspråket.

Både det islandske og det færøyske skriftspråket er konservative og liknar mykje på kvarandre. Dei har også mange av nyorda til felles, til dømes útvarp (radio) og sjónvarp (TV). Men særleg munnleg færøysk står så langt frå skriftspråket at det kan vere svært vanskeleg for islendingar å forstå det.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg