Årer
Eldre årer til ein tradisjonell nordlandsbåt.
Årer
kinesisk vrikkeåre (yaolu)

Vrikkeåre er vanleg i store deler av Asia for båtar over ti meter.

kinesisk vrikkeåre (yaolu)
Lisens: CC BY SA 3.0
Kajakk
Kajakk-padling
Kajakk
Lisens: CC BY SA 3.0
Færing
Robåt med to årepar - færing.
Av .

Åre er ein reiskap til å ro med, og blir normalt nytta til mindre båtar, men tidlegare også til større fartøy som til dømes vikingskip.

Faktaboks

Etymologi
frå norrønt ár

Åra er normalt eit rundt skaft med eit flatt parti i enden, kalla årebladet, og handtak som oftast er rett (men kan vera bøygd; gjeld t.d. vrikkeårer i Asia). Tradisjonelt var årer i Noreg laga av gran og ask, men i nyare tid har aluminium, plast, kompositt og anna materiale ofte erstatta treårer.

Bruk

Årer har vorte nytta som framdrift på sjøen heilt sidan mennesket tok i bruk farkostar for ferdsel til sjøs. Tidlege døme var padleårer på enkle kajakk- og kanoliknande båtar.

Det kan vera ei eller fleire årer for framdrift, og det er åra si rørsle i vatnet som gjev framdrift, dette i motsetnad til staking, der det er botnskyv som gjev framdrift.

Padling (kajakk og kano)

Padleåra for kano har eitt blad, rodd med begge hender, i vatnet frå babord eller styrbord side, gjerne sitjande litt akterut i kanoen. Padleåra for kajakk har to blad, rodd med begge hender for skiftevis padling i vatnet på babord og styrbord side av kajakken, oftast sitjande midt i kajakken.

Roing med ei åre akterut

Åra kviler i ein keip i akterenden av båten; roaren står eller sit, og vrikkar åra fram og tilbake i ei S-forma rørsle, som gjev framdrift. Slik vrikkeroing er sers vanleg i store deler av Asia, men også i vår del av verda.

Roing med årer ut frå sida

Det er like mange årer på babord og styrbord side. Ein roar kan nytta ei åre, eller eit årepar, sitjande med ryggen mot baugen. Åra kviler i åregaflar, tollepinnar eller keipar, og dannar eit mothald i vatnet som gjev båten eit skyv. Ror ein med andletet vendt mot baugen kallar me dette skoting.

Større skip som til dømes vikingskip og galeiar hadde flere titalls personar som rodde, og årene var av den grunn større, ofte laga for to mann per åre.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg