Øyvor er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ey-vǫr. I dette toledda namnet tyder forleddet kanskje ‘lykke’. Etterleddet tyder ‘forsiktig; verjar’.

Stavemåten Øyvor er ut frå dagens rettskriving meir korrekt enn Eyvor. I norrønt vart bokstavkombinasjonen [ey] uttalt [øy]. Ein parallell er verbet leysa i norrønt som svarer til løysa i nynorsk.

Namnet har fleire variantar: Eivor, Eyvor, Øivor, Øyvor.

Personar med namnet Øyvor

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var Øyvor Styren fødd 1893 i Kristiania. Foreldra Inga og Martin Styren (kasserar i Christiania Glasmagasin) gav barna nordiske namn, og to av dei, Øyvor og Asny, vart fyrst tatt i bruk i denne familien.

Kjende personar med namnet Øyvor

Eksempel på ein person med namnet Øyvor som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 140 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Øyvor som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg