Øystein Hovden

Faktaboks

Øystein Hovden

Øystein Orre Hovden

Født
14. januar 1901, Sande (no Holmestrand), Vestfold og Telemark
Død
22. august 1980, Vang (no Hamar), Innlandet

Artikkelstart

Øystein Hovden var ein norsk prest og forfattar. Han høyrde til den liberale retninga innanfor Den norske kyrkja og stilte Vang kyrkje til disposisjon for ordinasjonen av den første kvinnelege presten i Noreg, i 1961. Hovden skreiv ei rekkje songar og salmar.

Bakgrunn

Øystein Hovden var fødd i Sande (no Holmestrand) i Vestfold . Han var son av den kjende presten og salmediktaren Anders Hovden. Hovden blei student i 1919 og tok teologisk embetseksamen ved Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo i 1923.

Etter praktisk-teologisk eksamen blei han presteordinert i 1924 og byrja som ungdomsprest i Nidaros bispedøme same året. Deretter var han sokneprest i Gulen frå 1926, blei samstundes prost i Ytre Sogn 28 år gamal, frå 1929, og dermed den yngste prosten i landet. Hovden var sokneprest i Verdal (Stiklestad) frå 1937 og i Vang i Hedmark frå 1948 til han gjekk av med pensjon i 1971. Han var konstituert domprost i Hamar i 1949–1950.

Forfattar og salmediktar

Hovden gav ut fleire bøker og song- og salmesamlingar. I 1960 gav han ut ein biografi om faren, Anders Hovden. Eit nærportrett. Fleire år seinare kom Anders Hovden i kvardagslaget (1972).

Den første salmesamlinga, På lindekvist. Salmar, gav han ut i 1962. Deretter kom samlingane Bak havdis grå. Salmar (1965), Sol over fjella. Song og salme (1966) og På heilage stader (1968). Den sjølvbiografiske boka I alvor og spøk kom ut i 1973. Hovden var representert i Norsk salmebok (1985) med salmane «Vi er døypte til å vera Kristi krossmenn her på jord» og «Ver lova, Gud, som sælt oss gav i hjarto kjærleiks kraft og krav». Eit særkjenne ved salmetekstane hans var ei enkel og folkeleg form. Dei gav uttrykk for ein sentral kristeleg bodskap, utan å bryte med tradisjonen.

Liberal prest

Hovden ønskte ei romslegare kyrkje. Han vigde fråskilde og støtta biskop Kristian Schjelderup mot professor Ole Hallesby i den såkalla helvetesstriden i 1950-åra. Då domprosten i Hamar ikkje ville stille kyrkja til disposisjon for ordinasjonen av den første kvinnelege presten i Den norske kyrkja i mars 1961, opna sokneprest Hovden Vang kyrkje, slik at Ingrid Bjerkås kunne bli ordinert der.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • O. Delphin Amundsen: Studentene fra 1919. Oslo 1969
  • Øystein Hovden: I alvor og spøk. Trondheim 1973
  • Kjersti Østland Tveit: «Mannen med nøkkelmakten», i Nytt norsk kirkeblad nr. 3/2011, s. 14–20
  • Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater. Bergen 1974

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg