Øvre Heimdalsvatnet er ein innsjø på som ligg i Heimdalen ved Valdresflya, i den austlege delen av Jotunheimen, på grensa mellom kommunane Øystre Slidre og Vågå. Innsjøen har eit areal på 0,72 kvadratkilometer og ei maksimaldjupn på 13 meter.

Dalbotnen, som er orientert aust-vest, ligg i 1100 meters høgd. Fjella omkring når opp i over 1800 meter over havet. Staden er lite påverka av menneskelege aktivitetar. Tradisjonelt blir det fiske drive og jakt her, og dalsidene blir noko brukte til husdyrbeite.

Forsking

Ved vatnet ligg ein feltstasjon som blir driven av Naturhistorisk museum ved Universitetet i Oslo. Stasjonen er mykje brukt til feltundervisning i biologi og økologi av norske universitet. I over 50 år har forskarar og studentar frå mange forskingsinstitusjonar samla inn og studert data herifrå.

Øvre Heimdalsvatn var ein av dei norske lokalitetane som vart valde som studieobjekt under UNESCO-programmet Det Internasjonale biologiske program (1968–1974). Det vart gjort studiar av paleolimnologi, hydrologi, langtidsendringar av temperatur og isdekke og den akvatiske næringskjeda med vekt på dyreplankton, botndyr og fiskebestand.

Øvre Heimdalen fekk store mengder radionuklide-nedfall etter Tsjernobyl-ulykka i 1986. Det er gjort omfattande studiar av transport og omsetning av radiocesium.

Kart

Øvre Heimdalsvatnet
Øvre Heimdalsvatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg