Ørjan Håskjold Nyland

Faktaboks

Ørjan Håskjold Nyland
Født
10. september 1990, Volda, Møre og Romsdal
Ørjan Håskjold Nyland

Artikkelstart

Ørjan Håskjold Nyland er ein norsk landslagsspelar i fotball, målvakt, som er cupmeister for Hødd og Molde. Han har gitt ut boka Ørjans keeperskole.

Bakgrunn

Ørjan Håskjold Nyland er fødd i Volda i Møre og Romsdal. Frå 2006 til 2009 var han elev ved Ulstein vidaregåande skule.

Fotballkarrieren

Nyland starta fotballkarrieren i Volda, før han drog til Ulsteinvik og Hødd i 2007. Der fekk han med seg eit cupmeisterskap i 2012 før han drog vidare til Molde i 2013. Nyland har spela kampar for landslaga for U18, U21 og U23.

Karrieren til Nyland skaut fart då han i cupfinalen i 2012 vart kåra til den beste spelaren på bana då førstedivisjonslaget Hødd slo eliteserielaget Tromsø. I kampen og i den påfølgjande straffesparkkonkurransen fekk Nyland vist fram nokre av sine særmerkte kvalitetar i målvaktspelet, som er god rekkjevidd og rask reaksjon. Debuten for seniorlandslaget kom på Aker stadion 19. november 2013, og sidan har Nyland veksla med Rune Almenning Jarstein om å vere førstemålvakt for det norske landslaget.

Høgdepunkta i løpet av dei tre sesongane han var førstemålvakt i Molde var seriemeisterskap og cupmeisterskap i 2014. Frå 2015 til 2018 spela han for tyske Ingolstadt FC. Sommaren 2018 signerte han for Aston Villa, som held til i det andre nivået i den engelske ligaen.

Bokutgjeving

I 2016 gav Nyland ut boka Ørjans keeperskole, saman med Eirik Ingebrigtsen, der han deler målvaktsøvingar og gode historier frå livet som fotballproff.

Utmerkingar

Nyland fekk Gullballen som den beste målvakta i Noreg i 2014.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg