Hellas, oliventre

Olivenlundar på Kreta. Hellas er ein av verdas største produsentar av olivenolje. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.
Vinmark i Peloponnes
Vinmark i fjellområdene i Peloponnes
Vinmark i Peloponnes
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Hellas blei medlem i Den monetære og økonomiske union i 2001. Før medlemskapet hadde Hellas hatt fleire år med låg økonomisk vekst, men i perioden 2002–2005 steig veksten til rundt fire prosent. Dette skuldast hovudsakleg investeringar og oppgraderingar av infrastruktur i samband med dei olympiske sommarleikane som blei arrangerte i Aten i 2004.

Sidan starten av den økonomiske krisa i 2008, har Hellas opplevd negativ vekst og eit stadig fallande bruttonasjonalprodukt. Hellas har lenge slite med høg arbeidsløyse. Denne toppa seg under den økonomiske krisa.

Hellas var okkupert av Tyskland under den andre verdskrigen og ramma av borgarkrig i åra like etter. Dette var øydeleggande for den greske økonomien, og frå 1948 var økonomisk gjenreising derfor eit prioritert område. I 1960- og 1970-åra var den årlege vekstraten i den greske økonomien blant den høgaste i Europa. Samtidig skjedde det ei endring i den økonomiske strukturen der jordbruket, som tradisjonelt var den viktigaste næringsvegen, blei forbigått av industrien, både målt etter produksjonsverdi, eksportinntekter og sysselsetting.

Turisme er ei av landets viktigaste vekstnæringar. Hellas har ein stor handelsflåte som spelar ei viktig rolle for landets økonomi. Samanlikna med andre EU-land har Hellas ein stor jordbrukssektor og ein liten industrisektor.

Jordbruk

Hellas (Jordbruk) (vindrueklasar i kasser)

Både vindruer og tobakk er viktige jordbruksprodukt i Hellas. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Jordbruket er framleis ein viktig del av Hellas’ næringsliv. Primærnæringane (jord- og skogbruk, fiske) sysselset i underkant av 13 prosent av dei yrkesaktive og står for rundt 4 prosent av landets bruttonasjonalprodukt (2017). Hellas er den største produsenten av bomull og pistasjnøtter i EU. Andre produkt som blir dyrka er ris, oliven og fiken.

Medlemskap i EU førte til ei stor betring innanfor jordbrukssektoren. På 2000-talet var det ei stor omlegging til økologisk landbruk i Hellas. Ifølgje ein rapport om berekraftig utvikling i EU-land auka økologisk landbruk i Hellas med heile 885 prosent i perioden 2001–2007.

Topografien, klimaet og jordsmonnet har vore til hinder for eit effektivt jordbruk. Rundt 30 prosent av landets areal er dyrkbart og rundt 40 prosent er eng og beitemark. Dei viktigaste jordbruksområda er Thessalia og Makedonia. Grunna periodevis tørke er dyrkinga av korn lite intensiv. I staden blir det dyrka sukkerbeter, kveite, tomatar, mais og frukt.

Det tørre klimaet er veleigna for dyrking av oliven, og Hellas er ein av verdas fremste produsentar av olivenolje. Dyrking av oliven er særleg viktig på øyene og i kystnære strøk opp til 750 meter over havet. Det blir også dyrka druer i dei same områda. Druene blir anten tørka til rosiner og korintar eller brukt til vin. Tobakk blir særleg dyrka i Makedonia, Thessalia og Vest-Thrakia. Bomullsavlen føregår på irrigert land i Makedonia, mellom anna ved Thessaloniki, og i Viotía (Boiotia).

Husdyrhald er for det meste basert på naturleg beite og blir drive skilt frå åkerbruket, halvt nomadiserande mellom høglandet om sommaren og låglandet om vinteren. Sau og geit dominerer (rundt 15 millionar dyr registrerte i EUs offisielle teljing i 2010, mot 629 000 registrerte kyr), og har mange stader ført til overbeiting. Mjølkeproduksjon har berre betydning i låglandet og nær byane. Også stor produksjon av yoghurt og ost.

Hellas er fattig på skog og må importere store mengder trevirke. Det meste av skogen er statsskog der bøndene har bruksrett til brensel og beite.

Produksjon av eit utval vekstar i 2016*

Type tonn
Appelsin 918 937
Bomull 1 354 754
Druer 990 289
Kveite 1 698 031
Mais 1 869 693
Mandel 29 450
Melon 54 184
Olivenolje 300 000
Oliven 2 343 383
Sitron og lime 50 359
Tobakk 29 216
Tomat 1 044 346
Vassmelon 553 230

*Med unnatak av olivenolje, er alle tala henta frå FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO).

Fiske

Hellas, Fiskebåtar, Plomari, Lesvos

Fiske er ikkje ein stor næringsveg i Hellas, men det finst eit visst kystfiske frå mindre båtar, noko som pregar ei rekke av dei mange hamnene i landet, som her i Plomari på Lesvos. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Fiske har frå gamal tid vore ein viktig del av gresk næringsliv, og fisk er ein viktig del av det greske kosthaldet. Det meste av fangsten går til innanlandsk konsum og fiske utgjer difor kun 3,1 prosent av landets bruttonasjonalprodukt. I 2016 var det registrert 15 226 fiskefartøy i Hellas. Trass i at Hellas med dette utgjer ein femtedel (18,1 prosent) av den totale fiskeflåten i EU, er fangstmengda liten, då dei fleste av dei greske fiskefartøya er mindre enn gjennomsnittet i EU. Fangstmengda i 2016 var på rundt 75 000 tonn – 1,7 prosent av den totale fangstmengda i EU.

Ein spesialitet har vore svampefiske. Før den andre verdskrigen tok greske fiskarar rundt 80 prosent av all svamp som blei brakt i land frå Middelhavet, noko som utgjorde halvparten av verdas totale fangst. Svampefisket har etter den tid gått sterkt tilbake grunna konkurranse frå syntetiske produkt.

Bergverk

Til trass for landets varierte geologiske oppbygning, er Hellas relativt fattig på verdfulle mineral. Mineralressursane blir likevel utnytta intensivt og produksjonen gjekk noko opp på 2000-talet. Ein aukande del av minerala blir foredla innanlands, og ikkje eksporterte som råvarer.

Energi

Etter 2008 har Hellas hatt en markert nedgang i energiforbruket. I 2020 var forbruket av primærenergi 786 petajoule (PJ), som er 38 prosent lavere enn i 2008. Regnet per innbygger var forbruket 76,2 gigajoule (GJ). Den viktigste energikilden er olje som står for rundt 50 prosent. Landet hadde tidligere en mindre produksjon av råolje og naturgass, men er nå avhengig av å importere petroleumsprodukter. Kull som i 2020 utgjorde 9 prosent av forbruket blir i hovedsak dekket med egen produksjon av brunkull. I tråd med EUs fornybardirektiv har andelen fornybar energi økt de siste årene, fra 8 prosent i 2010 til 16 prosent i 2020. Myndighetenes opprinnelige ambisjon var imidlertid å øke fornybarandelen til 18 prosent.

Elektrisitetsforsyningen

I 2020 var produksjonen av elektrisk energi 46 terawattimer (TWh). Kraftproduksjonen var tidligere i stor grad basert på bruk av kull og til dels brenselolje, men disse energikildene ble etter hvert byttet ut med naturgass. Andelen fornybar energi har økt de senere årene, fra 10 prosent i 2008 til 38 prosent i 2020. Vannfallsenergi var tidligere den viktigste fornybare energikilden, men nye fornybare energikilder som vind- og solenergi setter nå et økende preg på kraftproduksjonen med en andel på 30 prosent i 2020.

Sluttforbruket per innbygger har gått ned fra 5 800 kWh i 2008 til 4 800 kWh i 2020.

Industri

Hellas (økon. kart)

Mineral, energi og industri.

Av /Store norske leksikon ※.

Sidan 1960-åra har Hellas gjennomgått ein rask industrivekst. Industrisektoren (medrekna bergverksdrift og bygge- og anleggsverksemd) står for rundt 15 prosent av sysselsettinga (2017) og bidrar til rundt 16 prosent av Hellas’ bruttonasjonalprodukt (2017). Nærings- og nytingsmiddelindustri, metallindustri, kjemisk industri og tekstil- og konfeksjonsindustri er dei viktigaste bransjane.

Ved hjelp av store utanlandske investeringar, mellom anna frå EUs struktur- og regionalfond, er det bygd ut ein meir allsidig industri med petrokjemiske og kjemiske anlegg, stålverk, skipsverft og liknande. Dette gjeld særleg i områda rundt Stor-Aten og Thessaloniki.

Den greske regjeringa har oppmuntra til større privatisering av industrisektoren dei siste åra. Dette gjer at stadig færre store selskap er under statleg eige.

Sørvissektoren

Sørvissektoren er den største sektoren med tanke på sysselsetting – 72,1 prosent (2017) – og bidrag til landets nasjonalprodukt – 80,2 prosent (2016). Sørvissektoren har vakse dei siste åra som følgje av auke i turismen, og er den einaste sektoren som ikkje har vore merkbart prega av høgare arbeidsløyse som følgje av den greske finans- og gjeldskrisa.

Turisme

Hellas (Turisme)

Turismen har utvikla seg til å bli ein av landets viktigaste inntektskjelder. Eit stabilt sommarvêr, ei rekke attraksjonar, eit lågt prisnivå og ikkje minst fine strender gjer landet til eit populært reisemål. Her ser ein stranda ved byen Kamari på den greske øya Thíra (Santorini). Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005-2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Turisttrafikken er ein av Hellas’ viktigaste inntektskjelder. Talet på turistar har auka kvart år frå éin million i 1968 til nærare 30 millionar i 2017. Turistnæringa har – saman med inntektene frå skipsfarten og pengesendingar frå grekarar busette i utlandet – vore med på å redusere dei store underskota i utanriksøkonomien.

Dei største reisemåla er hovudstaden Aten og dei greske øyene, mellom anna, Kreta, Naxos og Ródos (Rhodos). Turistar i Hellas er hovudsakleg frå andre europeiske land.

Utanrikshandel

Industrialisering og sterk vekst i eksport har ikkje forhindra eit underskot i Hellas’ handelsbalanse med utlandet. Denne er noko kompensert for i andre store sektorar som skipsfart og turisme. Trass store økonomiske problem dei siste åra har det ikkje vore stor nedgang i den greske utanrikshandelen.

Eksport av varer og tenester sto i 2016 for rundt 30,5 prosent av Hellas’ bruttonasjonalprodukt. Eksporten omfattar mellom anna tekstil og klede, frukt og grønsaker, oljeprodukt, vin og tobakk. Hellas eksporterer varer først og fremst til Italia, Tyskland, Kypros, Tyrkia, Bulgaria, USA, Storbritannia og Libanon.

Importen omfattar mellom anna maskinar og transportutstyr, råolje, matvarer, kjemikaliar og jarn og stål. Hellas importerer først og fremst frå Tyskland, Italia, Frankrike, Nederland og Storbritannia.

I 2014 utgjorde eksport til Hellas éin prosent av den totale sjømateksporten frå Noreg.

Samferdsel

Hellas har ei lang historie som sjøfartsnasjon. Skipsfart og nærliggande sektorar utgjer rundt sju prosent av Hellas' bruttonasjonalprodukt og sysselset i underkant av 200 000 personar – fire prosent av Hellas' totale arbeidsstyrke.

Dei viktigaste hamnebyane er Pireus, Thessaloniki og Pátra. Korintkanalen, opna i 1893 og igjen i 1948, er framleis viktig for skipsfarten.

Størsteparten av den greskeigde handelsflåten er styrt av små og mellomstore private selskap og meir enn halvparten av skipa er registrerte i utlandet. I 2017 er det registrert 4585 greskeigde fartøy med kapasitet på over 1000 bruttotonn kvar. Målt i dødvekttonn (dvt) er den greske flåten den største i verda (308 836 933 dvt per januar 2017).

Vegnettet er godt utbygd. Jarnbanenettet er mindre effektivt og betyr mest for passasjertrafikken.

Luftfarten er viktig for innanlandstrafikken, særleg mellom Aten og øyene, og for den utanlandske turisttrafikken. Det er internasjonale flyplassar i Aten, Thessaloniki, Alexandroupoli, Kerkýra, Lesvos, Andravida, Rhodos, Kos og Kreta, i tillegg til 25 flyplassar for innanlandstrafikk. Atens internasjonale lufthamn «Eleftherios Venizelos» avløyste offisielt Atens gamle flyplass «Ellinikon» 29. mars 2001. «Eleftherios Venizelos»-flyplassen er eit viktig knutepunkt mellom Europa og Austen.

Det greske flyselskapet Aegean Airlines dominerer flytrafikken etter at det i 2014 kjøpte ut det tidlegare statseigde selskapet Olympic Airways som blei privatisert som Olympic Air i 2009. Olympic Air flyr framleis innanlands som ein del av Aegean Airlines sin flåte.

Arbeidsløyse

Hellas har slite med høg arbeidsløyse og høg inflasjon. Arbeidsløysa låg gjennomsnittleg på rundt 8–10 prosent i åra 2001–2010. I åra etter at den greske finans- og gjeldskrisa slo inn, steig arbeidsløysa jamt og toppa seg i 2013 med 27,5 prosent og 60 prosent for unge mellom 15 og 24 år. Den høge arbeidsløysa har ført til at mange grekarar har valt å forlate landet.

Arbeidsløyse i Hellas 2006–2015

År Total (%) Aldersgruppa 15–29 år (%)
2006 9 18,7
2007 8,4 18,2
2008 7,8 17,3
2009 9,6 18,5
2010 12,7 22,3
År Total (%) Aldersgruppa 15–24 år (%)
2011 17,9 39,6
2012 24,4 52,7
2013 27,5 60,0
2014 26,5 56,7
2015 24,9 50,1
2016 23,5 46,6
2017 20,9* 43,7*

* November 2017

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg