Ænes er eit sokn i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Soknet ligg omkring Maurangerfjorden, som skjer seg inn i retning vest–aust midt på Folgefonnhalvøya. Soknet har 221 innbyggjarar (2024).

Natur

Kyrkjestaden Ænes ligg sør for munninga av Maurangerfjorden. Ænes kyrkje, som første gong er nemnd i 1360, ligg uvanleg vakkert til. Bøane er flate og fruktbare, furuskogen tett, og her veks det eik og andre varmekjære lauvtre. I Ænesdalen, som fører sørover frå kyrkjestaden, er det terrassar etter gamle strandliner 97 meter over havet.

Historikk

På Ænes budde det, ifølgje P.A. Munch, i tidleg mellomalder ei mektig lendmannsætt. Ætta eigde mellom anna dei tre adelege setegardane Mjøl, Hatteberg og Seim lenger sør i Kvinnherad, og som på 1600-talet vart kjernen i baroniet Rosendal. Gaut Jonssøn, som døydde i 1270, var under Håkon 4. Håkonsson og Magnus 6. Lagabøte ein av landets mektigaste og mest innverknadsrike menn. Den siste kjende mannen i slekta var sysselmann på Færøyane, Greip Ivarsson til Hatteberg. Han døydde etter 1399. Nyare forsking knyter likevel slekta til Urnes i Sogn.

Namnet

Førsteleddet har usikker betydning og kan vere frå norrønt æðr, 'ærfugl', jamfør Evanger for ei alternativ tolking.

Kart

Ænes
Ænes
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (1)

skreiv Reidar Astås

Takk for firetallet, det hjelper brukeren.Reidar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg