Åvald

Artikkelstart

Åvald er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Á-valdr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘svært’ og etterleddet ‘herskar’. Åvald kan også gå tilbake til Ag-valdr (Ǫg-valdr) der forleddet tyder ‘(sverd)egg’ og etterleddet ‘herskar’.

Namnet har fleire variantar: Ovald, Åvald.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 20 menn (fødde i Noreg) som hadde Åvald som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg