Åsne Valland Nordli er folkesongar og forfattar. Ho slo igjennom i ung alder med ukjent tradisjonsstoff og nyskapande framføringar.
Åsne Valland Nordli
Faktaboks
- Fødd
- 10. oktober 1975, Kvam i Hardanger, Vestland
Bakgrunn
Folkesongen
Valland Nordli er sjølvlært som folkesongar, men fekk tidleg viktige impulsar frå musikarar som Steffen Eide, Margareta Opheim, Sondre Bratland og Nils Økland. Ho byrja å syngje offentleg i tiårsalderen, som 14-åring underviste ho ved Ole Bull Akademiet på Voss, og i 1992 turnerte ho med Bergen Filharmoniske Orkester. Ho tok tidleg til å leite fram religiøse folketonar frå Kvam, og nokre av desse er å høyre på den første plata hennar, Den ljose dagen (1994), som også inneheld eigenkomponert stoff.
Seinare har Valland Nordli mellom anna gitt ut juleplatene Julekvad (1996) og Lille Messias (2005). I 1998 var ho solist under urframføringa av Magnar Åms Vandrande himmel, skriven spesielt for stemma hennar. Med plata Himmelske balsam og sødeste drue (2001) var ho den første til å spele inn eit utval salmar av husmannssonen Daniel A. Bulie. I 2008 samarbeidde ho med Benedicte Maurseth, Berit Opheim og Kristin Skaare om plateprosjektet Fodne ho svara so stilt, som er bygd på folkemusikk frå Hardanger, samla inn av Geirr Tveitt. Rundt 2007 samarbeidde ho med skodespelar Anne Marit Jacobsen i framsyninga «Nå – Hans Børli med kvinnehånd».
Utmerkingar
Valland Nordli har fått Ole Bull Akademiet sitt kunstnarstipend, NRKs stipend for unge talent og Fondet for Utøvande Kunstnarar sitt stipend for reise og vidareutdanning.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.