Åsne er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ás-ný. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘ny’.
Åsne
Kulturell bruk
- Åsne Bakken i «Det store spelet» (1934) og i «Kvinnor ropar heim» (1935) av Tarjei Vesaas.
Namnestatistikk
I 2022 var det 689 kvinner i Noreg som hadde Åsne som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Åsne.
Utvikling i bruk av namnet
Geografisk variasjon på 1800-talet
Aasne var klart mest brukt i Telemark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også nokre få belegg på Åsne på 1800-talet.)
Les meir i Store norske leksikon
- kvinnenamn
- førenamn, mellomnamn, etternamn
- personnamn
- Om namneartiklane på snl.no
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.