Åsmund Sveen

Faktaboks

Åsmund Sveen
Født
28. april 1910, Elverum, Innlandet
Død
21. januar 1963, Oslo

Bilete frå Norsk biografisk leksikon.

Åsmund Sveen
Av /NTB Scanpix ※.

Artikkelstart

Åsmund Sveen var ein norsk forfattar. I 1930-åra var han ein av dei store norske lyrikarane og ein respektert kritikar i Dagbladet. Under andre verdskrigen var han aktiv i Nasjonal Samling og hadde i dei åra fleire viktige posisjonar i kulturlivet. Etter krigen møtte han stengde dører hos forlaga.

Åsmund Sveen var fødd i Sørskogbygda utanfor Elverum. Han blei inspirert til å skrive nynorsk av lærarar som Nils Kulsveen og Halvor Floden. Sveen debuterte i 1932 med diktsamlinga Andletet, den mest modernistiske samlinga hans, og deretter følgde Jordelden (1933), Eros syng (1935) og Såmannen (1940). Tema er kjærleik, vitalitet, livsdyrking og natur, men også einsemd og isolasjon. Sveen er ein av dei fyrste til å skildra homoerotikk i norsk litteratur, det gjer han allereie i debutboka. Sveen er formsikker, baserer seg ofte på ordklang og rytme og vekslar mellom ulike versemål, og mellom frie og bundne vers. I 1943 kom ei samling Bygdeviser, med eigne notar til 40 av dei. Seinare kom òg interessa for religiøs mystikk og austerlandsk filosofi.

Under andre verdskrigen hadde Sveen fleire viktige posisjonar i norsk kulturliv, og under krigsoppgjeret blei han dømd til 4 ½ års fengsel. Etter krigen møtte han stengde dører hos forlaga, i motsetning til mellom anna Rolf Jacobsen. Dette førte han inn i depresjon og alkoholisme, og han døydde i 1963, same året som han endeleg fekk ut ei ny diktsamling, Brunnen.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Jan Olav Gatland: Det andre mennesket. Eit portrett av Åsmund Sveen. Oslo 2003
  • Per Esben Myren-Svalstad: Den opne løyndomen: Homografiske lesingar i Åsmund Sveens forfattarskap. Doktoravhandling. Trondheim 2017
  • Svanaug Steinnes: Ei kjelde djup. Diktinga og livet til Åsmund Sveen. Oslo 2003

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg