Faktaboks

Åsmund Snøfugl
Fødd
17. mai 1944, Røros, Trøndelag

Åsmund Snøfugl er redaktør, forleggjar og lokalhistorisk forfattar som arbeider for å gjere nynorsk til eit kvardagsspråk i Trøndelag.

Bakgrunn

Åsmund Snøfugl er fødd på Røros i Sør-Trøndelag (no Trøndelag). Han er cand.mag. frå Universitetet i Oslo (1967–1972) og l’Universite de Neuchâtel i Sveits (1971), med faga historie og fransk. Han er òg utdanna typograf (1982).

Redaktørarbeidet

Snøfugl har hatt ei rekkje avis- og trykkjerijobbar. Mellom anna har han vore redaktør for magasinet Bygdebrevet frå 1968 til 1984, saman med far sin, Johan Snøfugl. Her var alt redaksjonelt stoff på nynorsk. I 1979 skipa Åsmund Snøfugl lokalavisa Melhusbladet, og han tok sjølv til som redaktør. I 1986 vart Gauldalsposten innlemma i avisa, som då fekk namnet Trønderbladet. Snøfugl var redaktør i avisa fram til 1996. I 2001 skipa han den lokale vekeavisa Gaula. Avisa er først og fremst kjend for det dei kallar «småplukk på side 4», der Snøfugl skriv småstubbar om slekter og lokalhistoriske hendingar frå Gauldalen. Nynorsk har heile tida vore ei mykje brukt målform i avisene der Snøfugl har vore redaktør.

Forfattarskapen

Snøfugl har òg skrive lokalhistoriske bøker, til dømes De som dro. Historia om utvandringa fra Melhus (2000) og Virksomme år. Biografi om Gustav Berg (2000, skrive saman med Olve Flakne).

Forlagsarbeidet

I 1972 etablerte han Snøfugl forlag. Forlaget gir ut generell litteratur på begge målformene, helst skjønnlitteratur og dokumentarstoff. Forlaget gir årleg ut mellom fire og seksten bøker.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Nynorskpressa 1850–2010, Oslo 2010

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg