Åsmund Lønning Strømnes

Faktaboks

Åsmund Lønning Strømnes

Åsmund L. Strømnes

Født
14. oktober 1927, Harstad, Troms og Finnmark
Død
3. desember 2009, Eidsvoll, Viken

Artikkelstart

Åsmund Lønning Strømnes var ein norsk pedagog og professor.

Åsmund L. Strømnes var fødd i Trondenes i Harstad. Etter examen artium i 1947 tok han lærarprøva ved Volda offentlege lærarskule (no Høgskulen i Volda) i 1951. I ti år arbeidde han som lærar i folkeskulen, tok magistergraden i pedagogikk ved Universitetet i Oslo i 1961 og doktorgraden same staden i 1968. Fram til 1973 var han universitetslektor og dosent ved Universitetet i Oslo. I 1973 vart han tilsett som professor i skuleforsking ved Universitetet i Tromsø (no UiT Norges arktiske universitet), og frå 1985 til 1997 var han professor i pedagogikk ved Universitetet i Trondheim (no NTNU).

Som forskar var han oppteken av mellom anna pedagogisk og fagdidaktisk grunnlagstenking, samanhengen mellom kunnskapsteori og pedagogikk, klasseromsforsking og skulehistorie. I tillegg til fleire bøker har han skrive over hundre artiklar innanfor pedagogikkfeltet. Frå 1985 til 2008 var han hovudredaktør for tidsskriftet Scandinavian Journal of Educational Research.

Strømnes hadde mange administrative oppgåver og verv, mellom anna som medlem i Lærarutdanningsrådet i 1969–1975 og formann i Norsk Samfunnsvitenskapelig Datatjeneste i 1971–1974. I 1974–1976 var han dekan ved det samfunnsvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Tromsø. I 1993–1996 var han styrar ved Pedagogisk institutt ved NTNU.

Etter at han vart pensjonist i 1997, busette Strømnes seg i Eidsvoll. Her engasjerte han seg mellom anna i lokalhistorisk arbeid, samstundes som han heldt fram med å arbeide som fagpedagog. I 2007 vart han kreert til æresdoktor ved Uppsala universitet.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Rolf Grankvist, Sigrun Gudmundsdottir og Marit Rismark (red.): Klasserommet i sentrum. Festskrift til Åsmund Lønning Strømnes. Trondheim 1997
  • Hvem er hvem? Oslo 1994
  • Åsmund Lønning Strømnes: Kunnskapssyn og pedagogikk. Historisk analyse og jamføring. Trondheim 1993
  • Åsmund Lønning Strømnes: Folkeskulelærarar i Fattig-Noreg. Ein studie frå første halvdel av det tjuande hundreåret. Trondheim 2006
  • Nils Søvik: Pedagogisk institutt NTNU 1946–1996. Trondheim 2008
  • Nina Volckmar, Ragnvald Kvalsund og Hans Petter Ulleberg: «Minneord om Åsmund Lønning Strømnes», Adresseavisen 8.1.2010

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg