Åshild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ás-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘gud’ og etterleddet ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Åshild, Aashild.

Namnedag er 8. februar. Åsne og Åsne har også namnedag denne dagen.

Kulturell bruk

  • Åshild Gautesdatter i «Kristin Lavransdatter» (1920–1922) av Sigrid Undset.

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 927 kvinner i Noreg som hadde Åshild som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 5 jenter som fekk namnet Åshild.

Utvikling i bruk av namnet

Glanstida for dei nordiske samansette kvinnenamna var perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Åshild var på topp (1945–1954), altså i etterkant av topp-perioden 1920–1949.

Utvikling i bruk av namnet Åshild frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Åshild frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg