Åsgårdsrei

Måleriet av «Aasgaardsreien» frå 1872 av Peter Nicolai Arbo.

Av /Nasjonalmuseet .
Lisens: CC BY 4.0

Artikkelstart

Åsgårdsreia eller oskoreia er etter norsk folketru ein larmande flokk av daudingar eller vette – gjenferd, slåsskjemper, mordarar, drukkenboltar, bedragarar, lausaktige kvinner, tusser og troll – som ved juletider for gjennom lufta på eldsprutande hestar, med Guro Rysserova (Rumpe-Guro) i spissen.

Faktaboks

Uttale

'åskoræia

Etymologi

Siste leddet rei 'ridande følge', av norrønt reið 'riding, ritt'. Forleddet osko- er av uvisst opphav, men forma åsgårdsrei er etter Åsgard, æsenes borg i norrøn mytologi.

Også kjent som

På nynorsk heiter det oskorei, på bokmål kan det heite både oskorei og åsgårdsrei.

Bakgrunn

Den norske tradisjonen om oskoreia er samansett og fleirtydig. Fellestrekka er førestillingane om eit skramlande og støyande følgje av farlege attergangarar som kom om natta og utgjorde ein trussel for folk, særleg ved juletider (julereia).

Oskoreia kunne rive med seg menneske på den ville ferda. Mange segner fortel om personar som brått er langt frå heimstaden sin etter å ha blitt tekne med på eit ritt gjennom lufta og sleppte ned på ein framand stad. Hestar kunne òg bli bortførte og ridde i senk av oskoreia. Då fann ein dei skumsveitte og skjelvande på stallen dagen etter. Som vern sette ein eit stykke skarpt stål over dørene og rissa inn ein kross med krit eller tjøre.

Fortolkingar i kunsten

Førestillingane om oskoreia har vore gjenstand for ulike fortolkingar i kunsten, som berre delvis følgjer tradisjonen. Ei av dei meir kjende fortolkingane finn vi i diktet «Asgaardsreien» (frå Nyere Digte, 1845) av Johan Sebastian Welhaven.

Welhavens dikt var truleg også ein viktig inspirasjon då Peter Nicolai Arbo måla biletet «Aasgaardsreien» i 1872. Måleriet blir rekna som hovudverket hans.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Olav Bø: Trollmakter og godvette. Overnaturlege vesen i norsk folketru. Oslo 1987
  • Ørnulf Hodne: Mystikk og magi i norsk folketro. Oslo 2011
  • Ørnulf Hodne: Vetter og skrømt i norsk folketro. Oslo 1995
  • Ørnulf Hodne: Jul i Norge: gamle og nye tradisjoner. Cappelen, Oslo 1996
  • Hilde Løwe: Åsgårdsreia: En studie av folkelige forestillinger på 1800- og 1900-tallet (masteroppgave). Universitetet i Oslo 2012
  • Birger Sivertsen: Julens myter. Om overtro og tradisjoner. Aschehoug, Oslo 2011

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg