Åsfrid er eit nylaga kvinnenamn (1901): Ås-frid, med Ås- frå til dømes Åse og -frid frå til dømes Målfrid. Forleddet og etterleddet i Astrid (med norrønt opphav) er opphavleg dei same som i Åsfrid: Ás-fríðr.

Namnestatistikk

I perioden 1900–2017 var det omtrent 40 kvinner (fødde i Noreg) som hadde Åsfrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg