Artikkelstart
Åse Lilleskare Faugstad er ein norsk forfattar og lyrikar. Ho debuterte med diktsamlinga Ved mitt altar i 1965. Ho er utdanna i språk og litteratur og har arbeidd som lektor på Voss og i Bergen. Ho har utgitt fleire diktsamlingar. Ho har også omsett dikt frå engelsk og omsett eigne dikt til engelsk.
Dei tidlege dikta hennar handlar om relasjonar, om å sjå seg sjølv i forhold til andre. Utover 1970-talet blir ho merksam på problematikk knytt til roller og maktforhold, sjølv om ho ikkje går inn i den politiserte diktinga. Ho reflekterer over korleis mennesket er plassert i verda – som kvinne, mor og samfunnsborgar.
Kommentarer
Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.
Du må være logget inn for å kommentere.