Faktaboks

Også kjend som

Sundre

Innbyggjartal
2580 (SSB, 2023)
Landareal
3 km²
Tettstadsnummer
2081 Ål
Ål kyrkje.
Ål kyrkje.

Ål er ein tettstad i Ål kommune i Buskerud. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3 km², og har 2580 innbyggjarar (2023).

Tettstaden er administrasjonssenter i Ål kommune. Størstedelen av tettstaden ligg på nordsida av Hallingdalselva. Riksveg 7 går gjennom tettstaden på nordsida av elva; på sørsida ligg Ål stasjon.

Tettstaden er eit handels- og skulesentrum. Her ligg Ål kulturhus med Hallingrosa, ei utstilling av rosemålingskunst, og ei større permanent Rolf Nesch-utstilling. Ål har òg sjukestove med base for Norsk Luftambulanse. Ål kyrkje er ein langkyrkje i tre frå 1880.

Kart

Ål
Ål
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg