Faktaboks

Etymologi
av norrønt Akrar, flertall av åker
Innbyggjartal
7955 (SSB, 2023)
Landareal
4,4 km²
Tettstadsnummer
4702 Åkrehamn

Åkrehamn er ein tettstad i Karmøy kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 4,4 km², og har 7955 innbyggjarar (2023).

Åkrehamn ligg på vestsida av Karmøy, sør for fjordarmen Veavågen. Åkrehamn tettstad omfattar i nord òg Sevlandsvik og Veavågen som tidlegare vart rekna som eigne tettstader. Åkrehamn var kommunesenter i Karmøy fram til 1986 då dette vart flytta til Kopervik.

Åkrehamn har lange tradisjonar som fiskehamn, men mykje av den fiskerirelaterte verksemda er flytta til Husøya i Karmsundet. Framleis har Åkrehamn mykje industriverksemd i fleire bransjar, og staden er ikkje minst eit viktig handels- og servicesenter. Hamna er verna av ein 800-900 meter lang rekkje av holmar bunde saman av fyllingar parallelt med kysten av Karmøy; denne rekkja dannar innseglinga til Åkrehamn.

Sentralt i søre del av tettstaden ligg Åkra gamle kyrkje, ein langkyrkje i tre frå 1821, og Åkra kyrkje, ei moderne kyrkje i betong frå 1985. Like inntil den nye kyrkja ligg Åkrehamn vidaregåande skule. Åkrehamn Kystmuseum (før 2007 Rogaland Fiskerimuseum) ligg på Åkreøyna som dannar nordre del av hamna sentralt i tettstaden. I Åkrehamn blir arrangert «Fiskeridagane i Åkrehamn» årleg av Karmøy Røde Kors og Åkrehamn Kystmuseum.

Åkrehamn har bystatus frå 2002 etter kommunalt eigenvedtak.

Kart

Åkrehamn
Åkrehamn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Karl Sjøen

Det er forstemmende at når jeg sjekker innholdet i SNL innenfor områder jeg kjenner til, så er det ofte misvisende. Wikipedia er i motsetning til dette mye mer etterrettelig. Det burde jo ikke være slik ettersom SNL er autorisert som en offentlig kunnskapsbase for Norge. Jeg bor i Åkrehamn, og jeg bruker informasjonen i SNL om Åkrehamn som et eksempel på poenget mitt.
Informasjonen om Åkrehamn er stort sett misvisende og feil. Jeg tar for meg setningene i artikkelen om Åkrehamn enkeltvis med kommentar:

Åkrehamn er den viktigste fiskehavnen på Karmøy. Feil: Den største fiskerihavna i Karmøy er lokalisert på Husøy. Den har ingen forbindelse til Åkrehamn. Åkrehamn har i dag ingen funksjon som fiskerihavn av betydning. Sildoljefabrikken ble revet i 1995, Fiskemottaket og fryseriet er revet, og det er ingen rederier igjen i Åkrehamn.

Havnen er vernet av en 800-900 meter lang rekke av holmer bundet sammen av fyllinger parallelt med kysten av Karmøy; denne rekken danner innseilingen til Åkrehamn: Dette er korrekt.

Tettstedet har variert industri, særlig næringsmiddelindustri (blant annet Sildakongen Produksjon AS): Feil: De fleste industribedriftene og mekanisk industri er lagt ned. Sildakongen Produksjon er som mye annet flyttet til Husøy.

og her ligger Åkrehamn vidaregåande skole: Korrekt

likeledes Rogaland Fiskerimuseum. Feil: Museet heter Åkrehamn Kystmuseum og dekker mye mer enn fiskeri.

Åkra har en moderne kirke i betong fra 1985: Korrekt

Åkra gamle kirke er en langkirke i tre fra 1821: Feil. Den ble bygd og tatt i bruk i 1820.

Åkrehamn har bystatus fra 2002 etter kommunalt egenvedtak: Dette er korrekt.

skreiv Geir Thorsnæs

Takk for nyttig innspill vedrørende siste årenes endringer i næringslivet i Åkrehamn, blant annet flyttingen av fiskemottak og tilhørende virksomhet (særlig industri) til Husøy. Slikt er vanskelig å få med seg, blant annet fordi "gule sider" og enkelte bedrifter fortsatt opererer med adresser i Åkra/Åkrahamn. Ellers er museumsnavnet rettet opp, likeledes er artikkelen noe utvidet og befolkningstallet oppdatert.
Jeg har beholdt 1821 som byggeår for Åkra gamle kirke ettersom dette er oppgitt i kirkebyggbasen.no.
Geir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg