Åbjøra er ei elv i Nord-Aurdal kommune, Innlandet fylke. Det er ei sideelv til Begna, nedbørfeltet er på 872 km2. Åbjøra kjem frå Ølsjøen (749–746 meter over havet).
Vassdraget har sine øvste kjelder sør for Grindane (1724 meter over havet) i Vang kommune, renn gjennom sjøane Helin (868–866 meter over havet), Flyvatnet (859–854 meter over havet) og Tisleifjorden (821–809 meter over havet), går under namnet Tisleia vidare til Ølsjøen, og herifrå under namnet Åbjøra til Aurdalsfjorden i Begna. Vassdraget er utbygd i Åbjøra kraftstasjon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.