Ánte Mikkel Gaup

Faktaboks

Ánte Mikkel Gaup
Født
1955, Kautokeino, Finnmark (no Troms og Finnmark)

Artikkelstart

Ánte Mikkel Gaup er ein samisk joikar, barnebokforfattar, kulturarbeidar og språkkonsulent frå Kautokeino.

Bakgrunn

Gaup har bakgrunn frå reindrift, er utdanna lærar og arbeidde i mange år på det som i dag heiter Samisk videregående skole og reindriftsskole (Sámi joatkkaskuvla ja boazodoalloskuvla).

Karriere

Gaup har gitt ut seks lydbøker om Juffa, ein fiktiv karakter som bur på vidda og stadig opplever rare og skumle ting som han alltid bergar seg frå fordi han hugsar råda han høyrde hos dei gamle, eller han veit sjølv korleis ein ter seg i fjellet.

Som joikar har Gaup vore med på festivalen Kalottspel og Riddu Riđđu Festivála fleire gonger og er med på CD-en Min máilmmis (1986) saman med Mari Boine og Anders Porsanger. Gaup har laga personjoik til mellom andre kong Harald og dronning Sonja, i tillegg til ein joik til kong Olav då han skulle opne det fyrste Sametinget i 1989 i Karasjok.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarer

Kommentaren din publiseres her. Fagansvarlig eller redaktør svarer når de kan.

Du må være logget inn for å kommentere.

eller registrer deg