Faktaboks

Øystein Møyla

Øystein Øysteinsson, Eystein Eisteinsson

norrønt Eysteinn Meyla

Fødd
1157
Død
januar 1177, Re utanfor Tønsberg
Levetidskommentar
omtrentleg fødselsår
Verke
Birkebeinhovding og tronkrevar
Familie

Foreldre: Faren var kong Øystein 2. Haraldsson (ca. 1125–1157); moras namn er ikkje kjend.

Nevø (halvbrors son) til kongane Sigurd 2. Haraldsson Munn (1133–1155) og Inge 1. Haraldsson Krokrygg (1134/35–1161) og til Brigida Haraldsdotter (død etter 1202).

Slaget på Re
Øystein Møyla vart drepen etter at flokken hans tapte slaget på Re mot Magnus Erlingsson i 1177. Slaget på Re, teinka av Erik Werenskiold.
Av .

Øystein Møyla var ein norsk birkebeinarhøvding. Ifølgje Snorre og Fagrskinna var han son av kong Øystein Haraldsson.

Øystein Møyla reiste den første birkebeinarflokken som samla seg mot Erling Skakke og kong Magnus Erlingsson i 1174. I 1176 vart Øystein hylla til konge på Øyratinget ved Nidaros, men vart drepen etter at flokken hans tapte mot kong Magnus i slaget på Re i 1177.

Bakgrunn

I dei kjeldene som fortel om Øystein, det vil seie Fagrskinna, Heimskringla og Sverres saga, står det at han var son til den då avlidne kong Øystein Haraldsson. Dersom dette var tilfellet, må han ha vorte fødd ein gong før 1157. Øystein blir skildra som ein vakker mann, smal om andletet og liten av vekst – dette skal ha gjeve han tilnamnet Møyla (lita møy).

Svensk støtte

Heimskringla fortel at Øystein i 1174 søkte hjelp hos den svenske jarlen Birger Brosa i Östergötland til å reise flokk mot kong Magnus. Birger var gift med Øystein si faster, Brigida Haraldsdotter, og denne tilknytinga, samt det nære bandet til den svenske kongen Knut Eriksson, kan forklare jarlen si positive innstilling til Øystein. Den rivaliserande sverkerske kongsslekta i Sverige hadde støtte frå danskekongen Valdemar, som dessutan var alliert med kong Magnus i Noreg. Eventuelle opprør mot kong Magnus kunne dermed styrke Birger sin posisjon både i den norske og den svenske eliten. Frå Birger fekk Øystein med seg både pengar og mannskap attende til Noreg, samt eit løfte om venskap (allianse). I Marker samla det seg mykje folk til flokken, og dei tok Øystein til konge.

Birkebeinar

Øystein Møyla og flokken hans heldt seg i grensetraktene mot Sverige i to år, medan dei gjorde enkelte framstøytar mot Viken. Etter kvart skorta det på pengane, og for å bøte på det dårlege klesstellet batt dei never kring leggane. Dette skal ha gjeve opphavet til utnamnet «birkebeinar» som flokken gjekk under.

Sommaren 1176 fekk birkebeinane omsider tak i skip og siglde nordover forbi Bergen utan at kong Magnus og Erling jarl vart var dei. Nikolas Skjaldvorsson, som stod for forsvaret av Nidaros, var heller ikkje budd til å slå attende åtaket frå Øystein og hæren hans. Birkebeinane tok byen, og Øystein vart teken til konge på Øyratinget.

Slaget på Re

Frå dei kringliggjande områda kom det no mykje folk til birkebeinane, og hæren talde snart 2000 mann. Dei valde likevel å dra frå byen, truleg av frykt for at kong Magnus kunne kome sørfrå, og tok landevegen til Viken. Kong Magnus var no komen til Tunsberg, og dei to hærane møttest på Re nordvest for byen i januar 1177. Birkebeinane hadde størst hærstyrke, men store mengder snø skapte vanskar for dei. Øystein Møyla kom seg unna slaget i live, men vart drepen av ein bonde då han freista å be om grid.

Ettermæle

Trass i den sentrale rolla Heimskringla har gjeve Øystein Møyla i etableringa av flokken, har historikarar generelt vurdert Øystein si rolle som beskjeden. Grunngjevinga er i hovudsak hans unge alder og barnlege framtoning. Fagrskinna, som berre kort nemner alliansen mellom Øystein og Birger Brosa, framhevar sambandet mellom birkebeinane og tidlegare opprørsflokkar. Her heiter det at unge, dugande menn som hadde mista frendar i tidlegare kampar mot kong Magnus, tok Øystein Øysteinsson til hovding for flokken. Ein slik motivasjon utelukkar likevel ikkje at Øystein kan ha vore sentral i leiinga av flokken. Han var trass alt ikkje yngre enn kong Magnus, heller noko eldre.

Ei utsegn i Sverres saga peikar i same leia: Her grunngjev Sverre sin skepsis til birkebeinane nettopp med at den unge, uerfarne Øystein stod for rådgjerdene. Det er rimeleg å tenkje seg at Øystein i sterkare grad enn tidlegare unge kongsemne, som Håkon Herdebrei og Sigurd Markusfostre, har hatt innverknad på rådgjerdene flokken la opp. Det er også truleg at han henta eit vesentleg grunnlag for tilslutnaden mellom medlemmer av eliten som tidlegare hadde delteke i kampar mot kong Magnus, eller etterkomarar av desse.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Arstad, Knut P. L.: Kongsemner og maktkonstellasjoner i innbyrdesstridens Norge 1157–1227, hovudoppgåve UiO, 1994
  • Brathetland, Bente Opheim: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2)
  • Fagrskinna, utgitt av Finnur Jónsson, København 1932
  • Heimskringla, utgitt av Finnur Jónsson, 1911
  • Helle, Knut: «Brigida Haraldsdatter», i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 1, 1999
  • Helle, Knut: Norge blir en stat, 1974
  • Paasche, Fredrik: biografi (Eystein Meyla) i Norsk biografisk leksikon, første utgåve (NBL1), bind 3, 1926
  • Sverres saga, omsett av Finn Hødnebø og Hallvard Magerøy, Noregs kongesoger, bind 3, 1979

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg