Ørnulf kjem av det norrøne mannsnamnet Ǫrn-ulfr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘ørn’ og etterleddet ‘ulv’.

Ørnulf er ein sterk kombinasjon av rovfugl og rovdyr. Namnet var brukt i mellomalderen, men låg i dvale til det vart tatt i bruk att i 1881.

Namnet har fleire variantar: Ørnulf, Ørnulv.

Namnedag er 18. juli. Arnulf har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ørnulf

Fyrste namneberar

Den fyrste som vart registrert med namnet i nyare tid, var elev ved latinskolen Ørnulf Bang fødd 1881 i Bergen, busett i Trondheim i 1900.

Kulturell bruk

  • Ørnulf fra fjordene i «Hærmændene paa Helgeland» (1858) av Henrik Ibsen.

Kjende personar med namnet Ørnulf

Eit utval personar med namnet Ørnulf, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 324 menn i Noreg som hadde Ørnulf som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Ørnulf frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Ørnulf frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg